IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IPA173
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverkty.

Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.

Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.

Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og slik halde eit praksisnært fokus. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert masterstudium ved annan institusjon. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om innhaldet i plankart og plandokument, og rettsverknader av planar
  • inngåande kunnskap om medverknad i arealplanarbeidet
  • kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy for arealplanlegging
  • grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
  • teoretisk og metodisk kjennskap til GIS i eit medverknadsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • medverke i og legge til rette for planprosessar på overordna nivå (kommuneplanen sin arealdel/kommunedelplan)
  • gjere bruk av styrande dokument i arealplanarbeidet
  • hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
  • arbeide fram enkle kart til publikasjon/saksgrunnlag
Generell kompetanse

Studenten skal ha innsikt i arbeid med (og samarbeid om) arealplanfaglege oppgåver knytt til oversiktsplanlegging i kommunal sektor.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av fagtekstar. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med fagtekstar på omlag 1200 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Tre arbeidskrav må vere levert til rettleiing i løpet av semesteret for å få gå opp til eksamen. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen.
Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10%
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen.
Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10%
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19