BLUKKK30 Kunst, kultur og kreativitet

Emnekode: 
BLUKKK30
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Art, culture and creativity
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
Om emnet

 Kunnskapsområdet omfattar det å sjå, forstå og verdsetje barna sine estetiske uttrykksformer. Studenten skal utvikle seg til å bli ein medskapar i ein levande barnehagekultur prega av mangfald. Kunnskapsområdet tydeleggjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til eit mangfald av kulturelle tradisjonar og aktuelle strøymingar i kunst- og kulturliv. Kunnskapsområdet skal fremje barna sin musiske veremåte som betyr å utvikle kvart enkelt barn si kreative utfolding. 

Utvikling av praktiske ferdigheiter, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn utviklar eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og barns leik, læring og danning.

Kunnskapsgrunnlaget bygger på barnehagepedagogisk kunnskap og i hovudsak lærarutdanningsfaga musikk, drama og forming, og på kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet. Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet.  Emne er sett saman av fagområda musikk, drama, forming og pedagogikk. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barns leik og bidreg til deira estetiske opplevingar, uttrykksformer, læring, danning og didaktisk arbeid
  • barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjonar, kulturelt mangfald og kulturarv, og innsikt i korleis kunst og kultur påverkar barns uttrykksformer
  • kommunikasjon, dramatisk leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid
  • estetiske verkemidlar, arbeidsmåtar, materialar, instrument, verktøy og teknologi i musikk, drama og forming
  • ulike kulturar, herunder samisk kultur
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke materialar, reiskapar, instrument og teknikkar i eige skapande arbeid, og utforske desse saman med barn i planlagde og spontane situasjonar
  • forstå og nytte relevante faglege omgrep.
  • stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom digitale uttrykksformer
  • bruke si faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar
  • legge til rette for barns møte med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid, lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering
  • skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, fordjuping, utforsking, skaparglede og leik
Generell kompetanse

Studenten: 

  • ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet sin kulturarena og sikrar barns ytringar og demokratiske rettar også ved å fremje deira estetiske språkformer
  • kjenner barnehagelæraren sin  betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barns estetiske læringsprosessar
  •  kan stimulere barns musiske veremåte og livsmeistring
  • har forståing for korleis utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid kan brukast i barnehagen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Kunnskapsområdet er organisert med både praktisk og teoretisk undervisning: Ein kombinasjon av førelesing, fellesundervisning, individuell oppgåveløysing, framføring, gruppearbeid og sjølvstudium. Det inngår også ei veke (4 dagar) med SOM-seminar (Saman Om oMsorg for barn), i samarbeid med sosialfagutdanningane på høgskulen. Studiet har stort fokus på yrkesretting, og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråver. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

  • Presentasjon av gjennomføring, dokumentasjon gjennom digital fortelling og refleksjon kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis.
  • Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter praksis. Eg som leiar. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat, med vekt på studenten si utvikling som leiar i barnehagen på 1500 ord +/- 10% .
  • Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter SOM-seminaret (Saman Om oMsorg for barn) på 2000 ord +/- 10%.
  • Eit praktisk arbeidskrav i forming knytt til ferdigheitstrening
  • Eit praktisk arbeidskrav i drama knytt til ferdigheitstrening
  • Eit praktisk arbeidskrav i musikk knytt til ferdigheitstrening

Arbeidskrava må godkjennast for å få gå opp til eksamen. Sjå retningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Borghild Otelie Aasebøstøl
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmateriale.

I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Obligatorisk rettleiing.
Varighet på praktisk del av eksamen er 4 dager pr. student.
Munnleg eksamen
Individuell
10-15 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamen vil være om prosessen med den praktiske eksamen og eit trekt emne frå eit av fagområda
Godkjent av: 
Unni Hagen