BLUBA Bacheloroppgåve

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
BLUBA
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL Barns utvikling, leik og læring
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
BLUNHR Natur, Helse og Rørsle
Om emnet

Bacheloroppgåva er i utgangspunktet ei individuell fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Dersom to studentar ønskjer å samarbeide om oppgåva er dette mogleg innan visse rammer. Dette må avklarast med emneansvarleg. Innhaldet i oppgåva skal vere forankra i profesjonsfaglege problemstillingar som er sentrale for arbeidet som barnehagelærar. Oppgåva skal bygge på pedagogikk og kunnskap frå eit av kunnskaps- og/eller fordjupingsområda. Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle medvit omkring sentrale utfordringar i rolla som barnehagelærar. Det vert lagt vekt på kunnskapar om ulike metodar, refleksjon over forskingsprosessen og kritisk drøfting av teorigrunnlag. Arbeidet med bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstende når det gjeld å søkje kunnskap og erfaringar. Arbeidet skal gjennomførast etter forskingsetiske retningsliner (sjå Retningsliner for arbeid med bacheloroppgåve i Barnehagelærarutdanninga som ligg i Canvas). Emnet skal, som grunnlag for arbeidet med bacheloroppgåva, gi innføring i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og relevante metodar i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet skal vere rettleidd.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskapar om:

  • normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar
  • sentrale faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • forskings- og faglitteratur knytt til tema for oppgåva
  • krav til rolla som profesjonell yrkesutøvar i eit mangfaldig samfunn 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • formulere og avgrense eit pedagogisk og/eller fagdidaktisk tema
  • undersøke eit problemområde med ei relevant metode
  • formidle og dokumentere sentrale problemstillingar innan yrkesfeltet
  • dokumentere eigen profesjonskunnskap
  • meistre sentrale element i akademisk skriving
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i:

  • synleggjere og reflektere kritisk over sentrale sider ved arbeidet i barnehagen og utfordringar i rolla som barnehagelærar
  • utvikle medvit om sin eigen profesjonelle identitet og si rolle som barnehagelærar
  • vidareutvikle innsikt i forskingsbasert kunnskap som grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling
  • vise ny kunnskap og forståing for vitskaplege og etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Hovuddelen av emnet handlar om sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva. Undervisninga tek til i 5. semester med orientering om emnet og ei kort innføring i vitskapsteori og metode. I løpet av denne innføringa skal studenten arbeide med ei førebels forskingsskisse til tema for arbeidet. Skissa er eit arbeidskrav som skal innleverast etter fastsett frist 5.semester og godkjennast av emneansvarleg. På bakgrunn av forskingsskissa skal studenten utvikle ein forskingsplan med problemstilling i 6.semester som skal godkjennast av rettleiar. Dette semesteret startar med ei meir grundig innføring i vitskapsteori og metode. Studenten skal omlag midtvegs i semesteret presentere arbeidet med oppgåva for medstudentar og rettleiarar etter fastsett plan. Mot slutten av semesteret skal det gjennomførast eit mindre studentseminar der studenten presenterer arbeidet for medstudentane og emneansvarleg.

Bacheloroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal følgje vitskaplege retningsliner. Studentane vel sjølve tema, problemstilling, teoretiske perspektiv og metode for datainnsamling. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Som del av arbeidet skal det gjennomførast eit empirisk arbeid som saman med teoretisk og metodisk refleksjon kan belyse problemstillinga.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisinga,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6.
  • Skriftleg utarbeidd forskingsskisse. Skissa skal innehalde tematisering av problemområdet, grunngjeving for val av tema, problemstilling og val av metode. Omfanget er på 450 ord +/-10 %
  • Godkjend problemstilling og forskingsplan med problemstilling på minimum 2000 ord og maksimum 3000 ord +/- 10 %
  • Deltaking i to studentseminar der studentane presenterer eige arbeid med oppgåva undervegs i semesteret.
Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Bente Ellinor Vatne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 10 000 ord +/- 10 %
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: 10 000 ord +/- 10 %