BLUPRA3-5 Praksis 3. årssteg, 5 dagar

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
BLUPRA3-5
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.
Om emnet

Praksis skal vere ein integrert del av alle fordjupingane i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for dei valfrie fordjupingane. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i 3. årssteg eller internasjonalt emne, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert, og bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har fagkunnskap knytt til fordjupingsemne 
Ferdigheiter
  • Studenten kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjupinga
  • Ved tilrettelagt praksis for studentar som har valt eit internasjonalt semester skal studenten vise ferdigheiter ved å leie ei avdeling/base

 

Generell kompetanse
  • Studenten meistrar å knytte teori til praksis, og frå praksis til teori
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar, fordelt på to bolkar. Av dei 25 dagane er 5 dagar knytt til fordjupinga og 20 dagar til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i vårsemesteret. 

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga eller internasjonalt semester.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 5 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til fordjuping eller ved tilrettelagt praksis.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Elisabeth Welle
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell5DagarStått eller ikkje ståttDet vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.5 dagar
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:5 dagar