Karrieredag for informasjonsstudentane
- Vi hadde ein svært lærerik dag, fortalte Christine Rørvik etter karrieredagen til informasjonsstudentane torsdag. Ho er sjølv informasjonsstudent og leiar i Kommunikasjonsforeininga sitt studentlag i Volda, som stod for arrangementet.
- Dette er den første karrieredagen for studentane ved bachelorstudiet i Informasjons og media, og vi vil satse på at det skal verte eit fast arrangement, seier Rørvik.

F.v.: Jannicke Hedum Bakken som arbeider i sekretariatet i Kommunikasjonsforeningen tok del for å sjå korleis studentlaget i Volda gjennomførte Karrieredagen, og leiar i lokallaget Christine Rørvik. I bakgrunnen fortel journalist Svein Aam om sine erfaringar med informasjonsmedarbeidarar.
Lokallagsleiar i Møre og Romsdal, Anette Bonnevie Wollebæk innleidde dagen, og oppfordra studentane til å vere bevisste og aktive representantar for faget sitt.
- De har valt ei utdanning og ein yrkesveg som har ei kort historie. Informasjonsfaget er ungt i Noreg – men har festa seg som eit fagområde som det vert meir og meir behov for også her i landet.
Journalist i Sunnmørsposten, Svein Aam, Tonje Øyehaug Ruud fra Ulstein Verft, Rune Mørck Wergeland frå Burson-Marsteller og Eli Anne Tvergrov frå Ålesund kommune var mellom foredragshaldarane.
Les meir på kommunikasjonsforeininga sine heimesider
eller les om Bachelor i Informasjon og Media




