Spørsmål og svar: Fil til sky
Spørsmål og svar om kva som skjer når H: no vert flytta til skylagring (Onedrive)
(Merk; omhandlar ikkje L: og Q: )
Kva er H:?
H: er ditt personlege lagringsområde på ein server på HVO. Filene du har her er dine private.
Kva er OneDrive?
OneDrive er ei Microsoft skytjeneste som lar deg lagre og beskytte filene dine, dele dei med andre og få tilgang til dei frå kor som helst på alle einingane dine (laptop, mobil, desktop, web, osb.).
Kvifor denne endringa?
Målet er auka tryggleik, fleksibilitet, samhandling og tilgjenge i fillagringa ved HVO. Samtidig er det denne vegen det går med fillagring generelt i samfunnet, vi må passe på å henge med så vi ikkje fell bak.
Må eg gjere noko sjølv eller er prosessen heilt automatisert?
Dei fleste treng ikkje gjere noko sjølv utover at du må restarte pc-en din når du får beskjed om det. Eit mindretal har brukt det personlege lagringsområdet i noko større grad enn andre, og i så fall kan det være behov for å flytte på nokon filer manuelt.
Sjå spørsmål om «Kva filer/mapper blir ikkje automatisk flytta over?»
Kva filer/mapper blir automatisk flytta over?
Mappene Dokumenter og Bilder var tidlegare på ditt personlege område på H:. Vi migrerer alle brukarar frå å bruke personleg fil-område på H:, over til å bruke kvar einskild sin personlege OneDrive i staden. Mappene Dokumenter og Bilder med innhald blir automatisk kopiert over til OneDrive.
Kva filer/mapper blir ikkje automatisk flytta over?
Dersom du har lagra filer eller mapper på rota av H:, altså at dei ikkje ligger inne i mappene Dokumenter eller Bilder, så må du kopiere dei over frå H: til OneDrive sjølv. Sjå video som forklarar korleis du i så fall går fram.
Eg får ikkje til eller forstår ikkje kva eg skal gjere. Kor kan eg spørje om hjelp?
Du kan ta kontakt med IT hjelp på 5400@hivolda.no, alternativt på telefon 70 07 54 00.