Smitteverntiltak, HVO

  • Bruk smittevernrettleiar som rettesnor: Alle studentar og tilsette må sette seg godt inn i smittevernrettleiaren vår, og bidra til smittevern ved å følge reglar og råd 

  • Undervisningsrom: Kvart undervisningsrom vil ha oversikt over maksimalt tal på personar og kart som viser kvar ein kan sitte for å halde 1 meters avstand. For å kunne gjennomføre dette har vi leigd inn ekstra rom. Undervisningstida (skuledagen) er utvida med tidlegare start og seinare avslutning, og ein del av undervisninga vert gjennomført digitalt

  • Handvask: Det skal vere såpe ved alle vaskar og på toalett. Automatisk handtørk vil vere avskrudd, men tørkepapir tilgjengeleg

  • Sprit til desinfeksjon: Det er utplassert automatiske handsprit-dispensarar og oppskrift for korleis bruke desse over heile høgskuleområdet

  • Reinhald: Reinhald vert gjennomført dagleg. Tilpassa utstyr til å tørke av maskiner og liknande på spesialrom vil vere tilgjengeleg, og må nyttast etter bruk

  • Studiestart: Studentane vil vere delt opp i grupper. Programmet som vanlegvis visast på ei scene vert på film istadenfor

  • Fadderveka: Studentane vil vere delt opp i grupper. Eigne flasker med handsprit vert delt ut til kvar student. Fellesarrangement vil følge gjeldande smittevernreglar

  • Munnbind/smittevernutstyr: Vi følger retningslinjene frå nasjonalt hald

  • Sikresiden.no er oppdatert med eigen informasjon om koronaviruset, samt ei ny fane kalla "Ny hverdag" under "Førebyggande tiltak"