Reiser, utveksling og karantene

Utveksling 2021 haust

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda (HVO) har vedteke å opne for utveksling til hausten 2021. 

Studentar, føresette og tilsette som har spørsmål om utveksling må gjerne ta kontakt med Internasjonalt kontor (utveksling@hivolda.no).

 

Innveksling 2021 haust

Kriseleiinga ved HVO har vedteke å ta i mot både internasjonale gradsstudentar og innvekslingsstudentar hausten 2021. 

I tråd med Kunnskapsdepartementet si tilråding, vil Høgskulen i Volda dekke kostnaden av karantenehotell med inntil 5000 kroner for nye internasjonale studentar og innvekslingsstudentar. Merk at dette tilbodet ikkje gjeld for studentar som allereie studerer ved HVO og som reiser til utlandet i løpet av sommaren.


Studieturar 2021 haust

Kriseleiinga tillét studieturar til Europa til hausten. Studieturar skal godkjennast av dekan. 


Reiser for tilsette

Utanlandsreiser skal godkjennast av dekan/direktør, og leiinga vil i avgjersla mellom anna leggje vekt på om reisa vil føre til innreisekarantene slik at den tilsette blir lenge borte frå jobb.