1. møte i Studentparlamentet 22-23
Vi er klare for første møte i Studentparlamentet 22-23!
På første møte blir det nyvalde parlamentet konstituert, og vi skal også velje studentrepresentantar til ei rekkje ulike råd og utval ved Høgskulen, samt enkelte ledige verv i Studentdemokratiet. Les meir om ledige verv her.
Møta i Studentparlamentet er opne for alle studentar, og alle studentar har talerett. Men berre dei innvalde representantane har forslags- og stemmerett. Sakslista finn du her.
Møtet finn stad på konferanserommet på Studenthuset Rokken. Studentar som stiller til verv kan delta digitalt om dei ikkje har høve til å delta fysisk. Møtelenke i fb-eventet.