Jubileumskonferanse - sosialfag 50 år

2022-03-31T12:00:00 - 2022-04-01T17:00:00
Legg til i kalender

Opprettinga av distrikshøgskulane rundt 1970 var ein utdanningsrevolusjon. For vel 50 år sidan vart 15 studentar tekne opp til eit 2-årig studium i «Velferd og organisasjon, allmenn line» ved den nystarta Distriktshøgskulen i Volda.

Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda (HVO) utdannar i dag både barnevernspedagogar og sosionomar. Vi har og to masterutdanningar; Master i meistring og myndiggjering og Master i barnevernsarbeid (start i 2023). Instituttet tilbyr også forskarutdanning (PhD) i helse- og sosialarbeid, og relevante vidareutdanningar. Instituttet har i dag nær 500 studentar på alle nivå og om lag 30 fagtilsette og stipendiatar.

Påmelding og praktisk informasjon.

Program

Torsdag 31. mars

Torsdag 31. mars: Historia for sosialfaga ved HVO

12.00: Lunsj.
13.00: Velkomst og musikalsk opning. Helsing frå rektor ved HVO.
13.10: Kåre Heggen: Starten og utviklinga mot 3-årig barnevernsutdanning
13.30: Hallgerd Conradi og Gunnar Stave: Sosionomutdanninga tek form
13.50: Pause
14.05: Betina Haug Olson: Grunnutdanningane i dag – RHETOS og praksislæring
14.25: Tor-Johan Ekeland: Utviklinga av master- og Ph.D.-utdanning
14.45: Randi Bergem: Sosialfaga sett frå Avdeling for samfunnsfag og historie.
15.00: Pause
15.30: Stemmer frå starten. Kva skjedde i Volda og kva tok vi med oss vidare? Etterfølgt av panel med innleiarar og diskusjon med salen. Avslutning seinast kl. 17
19.30: Middag m/ musikalske innslag, helsingar og tale

 

Fredag 1. april: Jubileumskonferanse

09.00: Opning av konferansen    
09.10: Kari Killén: «Sosialt arbeid i barnevernet». Ho er sosionom med engelsk MA i psykososialt arbeid og forskar emeritus ved NOVA, OsloMet, og ein av pionerane i norsk barnevernsforsking.
10.00: Ingerid Aamodt: «Sosialt arbeid i psykisk helsevern». Ho er sosionom, var student i Volda 1973-75, og er no gruppeleiar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse ved Helseregion Øst og Sør.
10.45: Pause m/kaffi
11.00: Lars Inge Terum: «Sosialt arbeid i NAV». Han er sosiolog og professor ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet. Terum var student i Volda 1972-74.
11.45: Marianne Rugkaasa: «Sosialt arbeid i eit fleirkulturelt samfunn». Ho er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet, også professor 2 ved HVO.
13.00: Tor-Johan Ekeland: Oppsummering av konferansen
13.30: Avslutning og lunsj

LES MEIR

Del på