– Heilt naturleg for meg å velge idrett

Sivert Heltne Nilsen gikk idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule i perioden 2007-2010. Sivert valte idrettslinja fordi han såg på det som ein sjanse til å kunne «spleise saman» skulegong og idretten sin på ein best mogleg måte, og utan at det eine skulle gå utover det andre.   

  

Sivert Heltne Nilsen

Han visste at skulen hadde eit samarbeid med Hødd og at det også var avgjerande med tanke på utviklinga som fotballspelar.  

Eit samla opplegg med eit godt treningstilbud i og etter skuletid var viktig for Sivert.  – Dei tre åra var heilt fantastiske, og eg ville ikkje ha bytta det mot noko anna i denne perioden av livet. Eg fekk trene vanvittig mykje samtidig som eg var med gode vener. Miljøet på idrettslinja var og heilt spesielt, og klassen blei veldig samanspleisa, i følgje Sivert.  

– Turane i aktivitetslærefaget sit igjen som dei største opplevingane. Dei gjorde at klassen blei enda tettare samanspleisa og vi fann på mykje artig i lag. Bjorli om vinteren var fantastisk, La Santa og ikkje minst Tafjordfjella var magisk, rett og slett. Skulle gjerne reist dit igjen med samme gjengen, seier Sivert.   

– Eg var svært motivert for å nå så langt som mogleg innan fotballen, og eg har elska kvart sekund av det å kunne satse på fotball. Motivasjonen er nok det som har drege meg  opp og fram. Eg var ikkje det aller største talentet i 15-16 års alderen. Han trekk også  fram at han har fått god rettleiing heile vegen av dyktige trenarar som ei årsak til at han har nådd så langt som han har.

– Miljøet eg kom inn i når eg kom til Hødd og Ulsteinvik var nok også avgjerande. Den toppidrettskulturen som vi kom til der var heilt unik, og eg har ikkje opplevd den verken før eller etter, seier Sivert. 

Han vil anbefale andre som satsar hardt på å nå langt innan idrett å ta idrettsfag ved Ulstein vgs. – Du kjem inn i et fantastisk miljø med svært gode fasilitetar der alt ligg til rette for at ein kan satse 100% på idretten sin, samtidig som ein kjem gjennom vidaregåande med studiekompetanse.  

– Lærarane på idrettslinja var og fantastiske, miljøet dei hadde saman smitta over på klassene som gjorde at stemninga alltid var veldig god. Både kjekke og dyktige innanfor sine fagfelt. 

Sivert har etter vidaregåande studert ein del ved sidan av fotballen. No jobbar han mot ein Master i Management på BI i Bergen. Planen har heile tida vore å bli ferdig med utdanninga til fotballkarrieren er over.  

Fotballkarrieren etter at han forlot moderklubben Volda: 

2008 - 2013: Hødd 
2014 - 2015: Vålerenga 
2015 - 2018: Brann 
2018 -:    Horsens