Frå barnehagebarn til nynorskelev – den språklege overgangen frå barnehage til skule

Ein av dei første store overgangane i livet til borna våre er steget dei tek frå å vere eit barnehagebarn til å vere elev i eit klasserom. Kva skjer med språket til barna i møte med denne nye kvardagen, og korleis møter me desse språkbrukarane på best mogleg måte?  
Fagseminaret er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret med vekt på forsking og fagleg utvikling. 

 

Program 11:30-16:00 

11:30Registrering
11:45

Velkomst  
Opningshelsingar

12:00Om språk- og tekstkvardagen i barnehagen:  
Funn frå Multilit, ved Gudrun Kløve Juuhl. 
12:30Utdeling av Årets nynorskbrukar
12:45Lunsj
13:30Lurivar-klubben og nynorsk i Ørsta-barnehagane:  
Dalane barnehage presenterer Lurivar-klubben. Lurivar-klubben syng deretter songar frå den lokale songskatten.   
Ørsta Mållag, ved Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, snakkar om deira satsing i barnehagane i kommunen.
14:15Vesle norske leksikon:  
Korleis skrive for barn? Prosjektleiar Guro Djupvik fortel om korleis VNL jobbar med dette, og kva for nokre utfordringar dei ser i møte med denne målgruppa.
14:45Kort pause
15:00Kva skjer med språket i det nye klasserommet?:  
Funn frå DigiHand, med fokus på nynorsk og språklege tilhøve: Gudrun Kløve Juuhl, Eivor Finset Spilling og Wenke Mork Rogne (prosjektleiar). 
15:30Språkpolitikk for dei yngste
Korleis ser språkpolitikken som gjeld dei yngste og viktigaste språkbrukarane i Noreg ut? Kva må til for at barn og unge skal bli trygge brukarar av eige språk? Åse Wetås, direktør i Språkrådet, snakkar om korleis Språkrådet arbeider med desse problemstillingane.
16:00Avslutning

Arrangementet er gratis

Del på: