HVOs skriftseriar

Skriftseriane til Høgskulen i Volda skal vere eit supplement til det som vert utgitt på nasjonale og internasjonale forlag og i ulike tidsskrift. Dei har ulike "tersklar" for godkjenning og dekkjer ulike nivå av fagleg og vitskapleg arbeid.

Rapportar

Rapporter er vitskaplege og andre faglege arbeid på høgare nivå enn notat. Både forfattar og institusjon er fagleg ansvarlege for publikasjonen. Arbeida kan vere rapportar frå prosjekt eller oppdragsverksemd, eller reint teoretiske arbeid av eit visst omfang. Rapportane må vere godt gjennomarbeidde med omsyn til innhald, struktur og språk og innehalde referansar. Rapportane skal vere godkjende av anten dekan eller prosjektleiar eller annan fagperson dei har utpeika og forskingssjef ved HVO.

 

Notat

Notatserien omfattar ulike slag publikasjonar av mindre omfang. Dette kan til dømes vere  forprosjektnotat, konferansepapir, artikkelutkast og anna. Føremålet med serien er å stimulere til publisering og fagleg debatt i miljøet. Kvar forfattar er ansvarleg for sitt arbeid, og dekan skal vere orientert om utgjevinga på førehand. Manuset må vere gjennomarbeidd med omsyn til språk og struktur.

RETNINGSLINJER FOR PUBLISERING

Før forfattar leverer frå seg manus, er det viktig at følgjande er utført:

  • Korrekturlesing/språkvask
  • Kvalitetsikring og godkjenning (for rapportar)
  • Rett format: A4 

Ferdig manus kan sendast til forskingsrådgivar Geir Tangen, som ordnar med framside, kolofonside, ISBN, pdf-utgåve.

PRAKTISKE RÅD

  • Sjølve manuset skal starte på s. 3.
  • Faste malar for framside og kolofonside
  • Bruk helst overskriftsstilar med ulike nivå og lag innhaldsliste ut frå desse
  • Pagineringa skal stå nedst på sida
  • Skrifttypen Times Roman eignar seg godt for slike dokument