Skapande læringsprosessar i musikk

- Research on Creative Learning Processes in Music

Forskargruppa arbeider med forskingsstudiar innan tematikken skapande læringsprosessar i musikk. Denne tematikken er relevant for fagmiljøet tilknytt dei ulike musikkstudium ved HVO, både når det gjeld læringsprosessar hjå dei tilsette sjølve, hjå studentar, og hjå eksterne aktørar som ein kan oppsøkje eller som ein har kontakt med gjennom praksisfeltet. Forskargruppa har eit generelt mål om å auke forskingsaktiviteten i fagmiljøet, og eit meir spesifikt mål om å bidra til fagfeltet ved publisering og formidling innan tematikken. Forskingsstudiar vil bli gjennomført av fagtilsette med tilknyting til musikkfag på HVO i samarbeid innanfor HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar.

 

Føremål

  • Å auke forskingsaktiviteten i fagmiljøet gjennom prosjekt, publisering og formidling
  • Å bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom tilskiping av fagseminar, publikasjoner og konferansebidrag

  • Å publisere ein fellespublikasjon om skapande læreprosessar i musikk

Aktivitetar

I 2019-2021 vil gruppa hovudsakleg fokusere på tematikken rundt det unike arbeidet til Magnar Åm i kryssingsfeltet komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi, som har vore eit viktig element i musikkstudia v/HVO over mange år, og som fleire studentar har oppsøkt HVO nettopp for å få med seg. Den konkrete planen er å utforske dette fagfeltet frå fleire perspektiv, og å publisere ein fagfellevurdert antologi. Eit viktig aspekt av dette arbeid er den kontakten vi har med Birmingham City University ved Professor Martin Fautley og forskarar som driv FoU-prosjekt innan komponering der.

Interne medlemmar

  • Professor Rune Krumsvik, professor II, AKF/UiB

  • Professor Magnar Åm, seksjon for musikk, AKF

  • Førsteamanuensis Stein Helge Solstad, seksjon for musikk, AKF

  • Høgskulelektor Øystein Salhus, seksjon for musikk, AKF

  • Førstelektor/doktorgradsstudent Elizabeth Oltedal, seksjon for musikk, AKF

  • Doktorgradsstipendiat Kaja Elise Åslid Enge, AKF

Eksterne medlemmar

  • Førsteamanuensis Tine Grieg Viig, HVL

  • Martin Fautley, Professor of Education, Birmingham City University

Kontaktperson og leiar for gruppa

Stein Helge Solstad