Forskingsgruppe i samfunnsfagdidaktikk

Samfunnsfagdidaktikken er, meir enn dei fleste andre fags didaktikk, prega av den store mengda vitskapsfag som på den eine sida er premissgivarar til faget, og som på den andre sida har vist heller varierande interesse for skulefaget. Det faglege innhaldet er derfor skiftande, omstridd og ikkje alltid like godt samanhengande. Ettersom samfunnsfaget har merksemda retta mot samfunnsspørsmål er det ikkje uventa at faget er meir mottakeleg for ulike politisk motiverte faglege vektleggingar enn mange andre fag. Faget er kjenneteikna av at det ligg nær elevane sin opplevde kvardag. Det gjer faget relevant og nært, samstundes som faget sin påverknad på elevane er svært vanskeleg å vurdera fordi det er så mange andre kjelder til liknande påverknad gjennom at elevane i stor grad lever livet sitt i det faglege innhaldet og blir påverka av det direkte. Forskargruppa for samfunnsfagdidaktikk legg denne vide forståinga av samfunnsfagdidaktikken til grunn som sitt tema og arbeidsfelt.

Forsking på fag kan henta teoretiske og metodiske innfallsvinklar frå ulike vitskaplege tradisjonar og er ikkje forplikta på førehandsuttekne teoriar og metodar. Samfunnsfagdidaktikk må, som all didaktikk, skilja mellom det analytiske og forklarande på den eine sida og det rettleiande og normative på den andre. Men fagdidaktikken må ha rom for begge delar.

Forskargruppa er oppteken av både forsking som gir ny innsikt i faget sin verkemåte, så vel som av utviklingsarbeid der kjend innsikt vert prøvd ut i praktiske undervisningstiltak i vid tyding av ordet.

Forskargruppa er eit samarbeidsprosjekt mellom Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen, og Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

Forskargruppa møtest to gongar i semesteret. 


Døme på prosjekt medlemane er engasjert i:

  • Hvordan begrunner elevene valget om å involvere seg i en klassediskusjon?
  • Utvikling av romleg forståing ("spatial literacy") hos elevar i grunnskulen.
  • Innvandrarborgaren - medborgaridentitetar i den offentlege opplæringa av innvandrarar.
  • Civilization IV i den videregående skolen: mellom ekspertise og fremedgjøring.
  • Digital historieforteljing som verkty for dokumentasjon og for pedagogisk dokumentasjon
  • Lokalt læreplanarbeid - er det styring av grunnopplæringa nedanfrå?