Forskingsgrupper

Forskingsgruppene ved Høgskulen i Volda skal bidra til å skape gode fagmiljø rundt tematiske område som kan vere både tverrfaglege eller fagspesifikke. Forskingsgruppene skal også stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid, og det er ei målsetting at dei utarbeider søknader om eksterne forskingsmidlar. 

A-kandidaten

A-kandidaten er ei forskingsgruppe ved Høgskulen i Volda som har kunst- og designdidaktikk som fellesnemnar. Ordsamansettinga kunst- og designdidaktikk refererer til forskingsfellesskapet som i seinare år er etablert omkring designprofesjon, og kunst- og handverksfaget i heile skuleløpet. A- kandidaten handlar om å forske på den gode praksisen (best practice) i faget, og utvikle kunnskap om læringsstrategiar, læringsprosessar og fagkunnskapar.

Bakgrunn

Mykje tyder på at kunst- og handverksfaget har svakt omdøme, og manglar status, plass og fagleg verdi i skulekonteksten. Ved skulereforma i 2006 innfører norsk skulepolitikk nokså drastiske endringar både når det gjeld målstyrt undervisning og prioritering av enkelte kunnskapsområder. Delar av skulen sitt innhald vert definert som basisfag, og basis inkluderer norsk, matematikk og engelsk. I allmennlærarutdanninga vert kunstfaga fjerna som obligatoriske, allereie før skulereforma vert innført. Ved same skulereform får også ord-konstruksjonen «grunnleggende ferdigheter» betydeleg plass, både i nasjonale læreplandokument og lokale styringsdokument. Dei grunnleggjande ferdigheitene omfattar ikkje omgrep som er tydeleg forankra i dei praktiske og estetiske faga. Å kunne skape, praktisere, visualisere eller designe er utelate. Den teoritunge prioriteringa har hatt brei politisk semje, og til skilnad frå tidlegare reformtiltak synast praksisfeltet denne gongen å ha endra praksis relativt raskt.

Formål
  • Bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom publikasjonar og konferansebidrag

  • Tilby eit kollegialt forum for høgskuletilsette innan kunst- og designdidaktisk forsking

  • Bygge og utvikle eit miljø for kompetanseheving og forskarrekruttering

     

Medlemmar

Åshild Sævik

Janne Heggvoll

Karen Brænne

Sissel Midtlid

 
Samarbeidspartar

Eva Lutnæs (HiOA)

Kjetil Sømoe (HSH)

Nettverket DesignDialog

 

Aktive prosjekt
  • Begynnaropplæring i teikning.

  • Didaktisk improvisasjon i møte med det praktiske arbeidet.

  • A- kandidaten og «best practice» – å framheve og skildre sterke studentprestasjonar i skulefaget Kunst og handverk i høgskulesektoren.

  • «Atmospherics» som omgrep i ein fagdidaktisk kontekst.

 

 

Animasjon før og no

Animasjonsutdanninga i Volda er den eldste animasjonsutdanninga i Norden og er den breieste og leiende animasjonsutdanninga i Norge. HVO har vore ein vesentleg faktor i bygginga av den norske animasjonsbransjen dei siste 30 åra. Ved sida av å utdanne mange av dei sentrale aktørane i bransjen har ein arbeidd kontinuerleg med å forske på og skrive den norske animasjonsfilmhistoria. Dei siste åra har tilsette ved instituttet også publisert nasjonalt og internasjonalt mellom anna om animert dokumentar og animasjon i nye media/ny teknologi. Les meir

Demokrati og medverknad

Føremål

Forskingsgrupper kan ha ulike føremål, og ha mål på ulike nivå (generelle, som kan vere å auke forskingsaktiviteten, og meir spesifikke, som å bidra til å auke kunnskapen med utgangspunkt i ei  spesifikk problemstilling). Denne forskingsgruppa har eit føremål om å auke forskingsaktiviteten ved instituttet, men knytt til eit samlande tema, som er demokrati og medverknad.

  • Å auke forskingsaktiviteten  - prosjekt og publisering - ved instituttet
  • Å bidra til at studentar kan involverast i FoU-aktivitet
  • Å publisere ein fellespublikasjon om demokrati og medverknad

Les meir 

Drug Addiction and Recovery in Tanzania

The overall aim of the research: To get a better understanding of why people in Tanzania develop drug problems, important individual and social factors influencing recovery efforts and how people with drug addiction respond to rehabilitation programs. Read more

Matematikkdidaktikk

Fagleg formål

Formålet er å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge si forståing og læring av matematikk og korleis skule og barnehage kan arbeide for å legge til rette for slik læring.

Aktivitetar (plan for arbeidet i gruppa)

Gruppa har ein fast møteplan i året. På møta tek vi opp tema og saker som er aktuelle for gruppa og som er eigna for å utvikle gruppa. Vi har faglege innslag der ein av medlemmane presenterer eige arbeid og får respons frå dei andre. Presentasjonen kan vere av arbeid i alle stadier, frå idé via datainnsamling og til tekstproduksjon. Det er også aktuelt å invitere eksterne forskarar/fagpersonar frå andre institusjonar og avdelingar som kan halde innlegg om ulike tema.

Medlemmer

Dosent Arne Kåre Topphol, gruppeleiar

Førsteamanuensis Hilde Opsal, nestleiar

Førstelektor Frode Opsvik

Førstelektor Leif Bjørn Skorpen

Høgskulelektor Antje Meier

Høgskulelektor Odd Helge Tonheim

Høgskulelektor Arve Fiskerstrand, planlegg ph.d

Høgskulelektor Kim André Refvik, stipendiat og ph.d-student frå haust 2019

Høgskulelektor Ingeborg Berget, ph.d-student

Eksterne samarbeidspartar

Professor Markku Hannula, University of Helsinki, professor II ved HVO

Dosent Bjørn Smestad, OsloMet, dosent II ved HVO

 

Forsking på skapande læringsprosessar i musikk

- Research on Creative Learning Processes in Music

Forskargruppa arbeider med forskingsstudiar innan tematikken skapande læringsprosessar i musikk. Denne tematikken er relevant for fagmiljøet tilknytt dei ulike musikkstudium ved HVO, både når det gjeld læringsprosessar hjå dei tilsette sjølve, hjå studentar, og hjå eksterne aktørar som ein kan oppsøkje eller som ein har kontakt med gjennom praksisfeltet. Forskargruppa har eit generelt mål om å auke forskingsaktiviteten i fagmiljøet, og eit meir spesifikt mål om å bidra til fagfeltet ved publisering og formidling innan tematikken. Forskingsstudiar vil bli gjennomført av fagtilsette med tilknyting til musikkfag på HVO i samarbeid innanfor HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar. Les meir

Forum for høgskulehistorie

Formål

Forum for høgskulehistorie er en møteplass og forum for fagfolk ved og rundt Høgskulen i Volda som er interessert i HVOs historie og i norsk utdanningshistorie. Her skal fagansatte fra HVO, inviterte forskere fra andre institusjoner pensjonister og andre aktører kunne holde innlegg om aktuelle temaer og prosjekter og drøfte forumets fagfelt.

Videre er det tenkt at gruppen skal være en ressurs og forum for Historisk institutts arbeide med å løfte forskningen på høgskulens historie. Dette arbeidet har ambisjoner om å munne ut i et bokverk om Høgskulen i Voldas historie.

 

Program 2019

Kommer

 

Medlemmer

Ola Teige

Harald Endre Tafjord

Johann Roppen

Elisabeth Teige

Kari Hasle

 

 

 

 

Juss

Formål

Gruppa består av forskarar i juss ved Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Molde. I gruppa samlast desse forskarane som til dagleg sit på forskjellege institusjonar og avdelingar. Gruppa skal vere eit forum for å legge fram idear til juridiske forskingsprosjekt og å diskutere pågåande prosjekt. Føremålet med gruppa er å auke den juridiske forskingsaktiviteten ved institusjonane.

 

Medlemmar av gruppa ved Høgskulen i Volda

Egil Arne Standal

Margrethe Homlong

Bernt Olav Øvregaard

Ingvild Sande Lillebø

Ellen Lexerød Hovlid

 

Andre medlemmar av gruppa

Georg Inge Iversen Panzer (Høgskolen i Molde)

Odd Anders Bøyum-Folkeseth (Høgskolen i Molde)

Linda Bøyum-Folkeseth (Høgskolen i Molde)

Morten Walløe Tvedt (Høgskulen i Molde)

Ingunn Skjelbreidalen (Høgskulen på Vestlandet)

Dag Digernes (Høgskulen på Vestlandet)

 

Leiar

Ellen Lexerød Hovlid, Høgskulen i Volda.

 

Aktivitetar i gruppa

Gruppa arrangerer jamleg seminar for å diskutere idear til juridiske forskingsprosjekt og pågåande forskingsprosjekt. Gruppa hentar også inn eksterne foredragshaldarar til seminara. Gruppa arrangerer dessutan seminar som er opne for andre, til dømes seminar om forvaltningslova i samband med at det var 50 år sidan lova vart vedteken.

 

 

Kultur og Helse

Forskingsgruppa Kultur og Helse

Økt   kunnskap om sammenhengene mellom kulturdeltakelse og helse tyder på at det er   mulig å bruke kunst- og kulturaktiviteter som et ledd i bekjempelsen av sosiale helseforskjeller, ensomhet og sosialt stigma. Mye tyder også på at kunstens egenverdi kan bidra til helsefremming og til å forebygge helseproblemer.  Redaktøren av British   Medical Journal hevder til og med at kunst og kultur kan være mer effektivt  enn medisin for helsen: «If health is about adaption, understanding and acceptance, then the arts may be more potent than anything medicine has to offer» (Brodzinski). Samtidig er det bred internasjonal enighet om at det trengs mer forskning på området for å forstå de komplekse årsakssammenhengene mellom kultur og helse (Knudtsen et. al., 2005, s. 3434; White, 2009 og  Brodzinski, 2011, s. 22).

Les meir 

Kulturmøter

Forskergruppen for kulturmøter

Om forskergruppen for kulturmøter:

Med utgangspunkt i fagene historie og religion, er forskergruppen opptatt av kulturmøter i regionale, nasjonale og internasjonale sammenhenger. Utfra ulike faglige perspektiver studerer vi tema som nasjonsdanning, kunnskapsoverføring, religionsmøter, migrasjon og ulike former for sameksistens. Vår forskning har som mål å studere kulturmøter empirisk så vel som kritisk å undersøke betingelser, det være seg sekularisme, stat og transnasjonale forhold, for kulturmøter i historie og samtid.

Les meir

Livsløpsforsking

Eit longitudinelt forskingsprosjekt: Sårbare menneske – frå ungdomstid til vaksenliv

Forskingsprosjektet «Sårbare menneske – i overgangar frå ungdomstid til vaksenliv» er utgangspunkt for gruppe for Livsløpsforsking ved Høgskulen i Volda. Her kan du lese meir både om prosjektet og forskingsgruppa.

Les meir 

 

Læringsprosessar og vurderingshandlingar

Forskargruppa vil arbeide med forskingsstudiar inn mot tema læringsprosessar og vurderingshandlingar i utdanningsforsking. Studiar vil verte gjennomført gjennom eit samarbeid mellom fagtilsette på dei ulike avdelingane innanfor HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar. Gruppa vil vere samansett av fagdidaktikkarar i lærarutdanningane. Les meir

Litteratur

Fagleg formål

Gruppa skal vere eit forum for litteraturvitskap og tekstlesing i ulike fag. Ho samlar i dag fagfolk frå fire seksjonar/institutt, men er open for fleire tverrfaglege synergiar. Vi arbeider med teksttolking, kontekstuelle analyser, teoretiske og metodiske problemstillingar. Det er eit hovudmål at medlemmane skal få rettleiing og respons på undervegs-arbeid, og få inspirasjon til framtidige prosjekt. Dessutan skal gruppa halde kvarandre informert om aktuelle forskingssamarbeid, prosjektutlysingar, og nyttige nettverk. Der det er ønskeleg vil vi søke interne eller eksterne midlar for meir formaliserte samarbeidsprosjekt. I tillegg er det eit mål å integrere masterstudentar og PhD-stipendiatar i forskingsgruppa.

 

Aktivitetar

På kvart møte vil ein eller to medlemmar (eller gjester) presentere pågåande FoU-arbeid, til dømes utkast til artikkel, idé til bok, søknad om forskingsmidlar eller komande foredrag. Dette er ikkje ferdige arbeid, men ein kladd som ein kan drøfte med fagfeller for å få nyttige innspel i prosessen.

Møte i 2018: 30. januar, 17. april, 28. august, 27. november. Alle dagar kl 14:30 – 16:00.

 

Prosjekt som gruppa (medlemmer i gruppa) er involvert i

DARIAH-EU Women Writers in History (https://www.dariah.eu/activities/working-groups/women-writers-in-history/ ) Marie Nedregotten Sørbø er i leiingsgruppa på fem personar frå ulike land, og har hovudansvar for forskingssøknader. Arbeidsgruppa samlar over 80 forskarar frå heile Europa, og er utgangspunkt for nye prosjektsatsingar og samarbeid. Desse vil involvere fleire frå forskingsgruppe for litteratur, og fleire studentar og stipendiatar ved HVO.

HERA Travelling Texts 1790-1914 ( http://travellingtexts.huygens.knaw.nl/ ): Marie Nedregotten Sørbø var norsk Principal Investigator, og Elise Fugledal og Hege Lende Sørbråten arbeidde som forskingsassistentar. Prosjektet gjekk frå 2013-16, og er no i etterarbeidsfasen der artiklar og bok skal skrivast. Prosjektet er så langt HVO sitt einaste EU-finansierte prosjekt (https://www.hivolda.no/Forsking/Forskingsprosjekt/hera-travelling-texts-1790-1914-eu-fp7). Dette arbeidet går vidare i nye satsingar.

Bergen-Volda Shakespeare Network https://bvshakespearenet.wordpress.com/. Dette er eit internasjonalt nettverk leia av Svenn-Arve Myklebost.

NoReFo (Norsk religionspedagogisk forskerforum): Bente Afset er medlem.

 

Leiar

Marie Nedregotten Sørbø

 

Medlemmer

Bente Afset

Arne Apelseth

Marit Brekke

Åsa Sundnes Bruheim

Elise Fugledal (PhD stipendiat)

Svenn-Arve Myklebost

Anemari Neple

Timothy Saunders

Hege Lende Sørbråten (master-student)

Marie Nedregotten Sørbø

 

I tillegg er andre interesserte kollegaer og gjester til stades på møta.

Mediedesign

Forskingsgruppe for mediedesign

Dette er ei forskingsgruppe ved Høgskulen i Volda med mediedesign som fellesnemnar. Med mediedesign meiner vi medie- og kommunikasjonsforsking som tar utgangspunkt i utvikling og tilrettelegging av ulike former for innhald. Utviklingsdimensjonen står i fokus og vil gjennom ei mediedesign-tilnærming utforske kommunikative potensiale for nye former for medieinnhald. Forskingsgruppa samarbeider med andre enkeltforskarar og miljø med relaterte forskingsinteresser.

Les meir 

Mediene og det internasjonale samfunn

Om forskergruppa

Forskergruppa skal være et samlingspunkt for forskere med interesse for å utvikle og gjennomføre tverrfaglige prosjekter i kryssingsfeltet mellom mediene og det internasjonale samfunnet – med vekt på endringsprosesser i Europa etter den kalde krigens slutt. Gruppen vil på et overordnet nivå fokusere på det tekstlige innholdet i bred forstand og på medienes forskjellige fortellingsformer. Gruppen vil fokusere på tre hovedtemaområder:

  1. Mediehistorie i bred forstand - inkluderer både de tradisjonelle massemediene og de nye digitale mediene.

  2. Visuelle virkemidler og fortellingsformer i mediene, f. eks. i utenriksjournalistikk og internasjonal politikk fra 1990-tallet og framover, og slik de har kommet til uttrykk i nyheter (pressefoto, fotografi, karikaturtegninger og film) om protester, kriser, konflikter og krig.

  3. Krisekommunikasjon og forskningsformidling (både som fagområde og en måte å formidle faglige resultater) – herunder også bruken av audiovisuelle utstillinger.

Gruppa skal støtte enkeltmedlemmer og grupper av medlemmer i deres arbeid med å utvikle prosjekter, skaffe midler og gjennomføre forskning på flere av de feltene som er sentralt for forståelsen av medieutdanningenes samfunnsansvar i en verden i stadig forandring. Gruppa har jevnlige møter og skal også arrangere eller bidra til seminarer og konferanser med relevante tema, og skal sørge for at gruppens medlemmer får anledning til å utvikle egen forskning gjennom deltakelse i internasjonale forskningsnettverk og ved å publisere internasjonalt i anerkjente nivå 2 og 1 tidsskrift/forlag.

 

Pågående prosjekter

EU-prosjekter:

COST Action: New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent. (2017-2021)

The “Child Welfare Service in Media” project is about how this important public service is presented in the media and to which extent this coverage could influence the confidence in this institution. Read more about the project.

"Issue Management and Risk Communication"

Pr i 100 spørsmål

Reading north through social semiotics

Den spanske borgerkrigen i norske medier 1936-1939: Kampen om opinionen.

Still, Small Voice: Ambiguity in Art & Photography.

Frame of Mind: Looking at 50 Photographs.

Landscape & Literature.

«Kardashianering av fotografier i sosiale medier: Perfekte fotografier av og fra folk flest.»

«Algae to Future-prosjektet» (A2F)

«Litzmannstadt-ghettoen i Lodz – mediering av sensitive tema

Audiovisuell utstilling i Lodz, Polen (Reflections upon 3 completed Intercultural and Cross-medial workshops)

 

Et utvalg avsluttede prosjekter knyttet til medlemmer av gruppa

Media and Revolt. Strategies and Performances from the 1960’s to the Present. Berghahn Books 2014.

Media and the Cold War 1975-1991:

Nordic Media and the Cold War. Nordicom 2015.

Media and the Cold War in the 1980s. Between Star Wars and Glasnost. Palgrave 2018

Da Berlinmuren falt: en analyse av presse, radio og TV I 1989. Mediehistorisk tidsskrift nr. 29, 2018.

Researching Newsreels: Local, National and Transnational Case Studies. Palgrave 2018

Around the World: The First Norwegian Newsreel, 1930-1941.

The Legal Settlement and Reconstruction in the Norwegian Newsreel Norsk Filmrevy, 1945-1949.

The Documentary Impulse. Phaidon

"Creative Communication Design: Communicating Holocaust to younger generations.” Conference article for Cumulus Conference Paris, spring 2018.

ICAN (International Campaign to Abolish Nuclear Weapon) conference exhibition i Oslo

International Media and the Cold War Conference 2014: Conference exhibition in Volda

 

Medlemmer av gruppa

Rolf Werenskjold (leder)

Henrik G. Bastiansen

Stuart Franklin

Thomas Lewe

Bjarne Riiser Gundersen

Turid Øvrebø

Burcu Peksevgen

Idar Flo

Erling Sivertsen

Kristian Fuglseth

Jan Arne Halvorsen

Hans Martin Dypvik

Endre Eidså Larsen

Bernt Hagtvet (UiO)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Medier, profesjoner og samfunn

Om forskergruppa:

Forskergruppa skal være et samlingspunkt for forskere med interesse for å utvikle og gjennomføre prosjekter om forholdet mellom profesjoner, medier og samfunn.

Gruppa skal støtte enkeltmedlemmer og grupper av medlemmer i deres arbeid med å utvikle prosjekter, skaffe midler og gjennomføre forskning på et felt som er sentralt for medieutdanningene ved HVO. Gruppa har jevnlige møter og skal også arrangere eller bidra til kurs, seminarer og konferanser med relevante tema.

Pågående prosjekter:

Symposiet «Professionals and non-professionals producing and distributing news in an age of social media” i juni 2019 vil blant annet drøfte hvordan de etablerte medieorganisasjonene er under press fra svekket økonomi og nedbemanninger, der journalister forventes å levere mer for mindre og utfordres av digitale teknologier der algoritmer og applikasjoner og automatiserte systemer delvis overtar som gatekeepers, og der det stilles spørsmål om journalistikkens muligheter til å ivareta sine demokratiske oppgaver/forpliktelser. Som forberedelse til symposiet arrangeres interne seminarer for interesserte gruppemedlemmer (og andre).

Jus og etikk i et nytt medielandskap skal kartlegge de mest sentrale etiske og juridiske utfordringene knyttet til problemstillinger som f.eks. distribusjonsselskapenes juridiske og etiske forpliktelser, etiske og juridiske problemer knyttet til allmenngjøringen av publisistrollen, medienes etiske forpliktelser til å unngå journalistiske blindsoner og redusert nyhetskonsum samt etiske og juridiske problemstillinger ved omfattende mediekonvergens og mer utydelige skiller mellom medieprofesjoner.

Etablere bransjeregistre. Det ble i 2016 etablert en oversikt over norske tankesmier, publisert i Makt. Medier og politikk:

https://www.universitetsforlaget.no/nettbutikk/makt-medier-og-politikk-uf.html

I 2018 vil det bli gjennomført en kartlegging av det som kalles «hyperlocal media», dvs. digitale, ultralokale nyhets«operasjoner». Et abstract fra prosjektet er antatt for videre arbeid i en spesialutgave av Nordicom review.

Workshop og bokprosjekt: Risikokommunikasjon og utfordrende saker. Prosjektet er knyttet til det valgfrie masteremnet Risk Communication and Issue Management som er ledet av Kristian Fuglseth og Burcu Peksevgen. Målet med prosjektet er å gi en oversikt over det teoretiske grunnlaget for masteremnet i risikokommunikasjon. Boka blir disponert etter de tema som emnet er organisert etter i dag, og slik emnet utvikler seg etter gjennomføring, studentarbeid og samarbeid med gjesteforelesere. Et viktig mål med prosjektet er også å knytte de teoretiske framstillingene til praktiske eksempler både i Norge og internasjonalt. I 2018 hadde kurset 18 norske og internasjonale studenter som alle bidro med eksempler fra praksisfeltet, egne arbeidsplasser og områder de har særskilt kunnskap og erfaring fra. På denne måten vil prosjektet vise likheter og forskjeller mellom Norge og andre lands tolking og håndtering av risiko og utfordrende saker, samt ledelsesmodeller som ligger til grunn for dette.

The “Child Welfare Service in Media” project is about how this important public service is presented in the media and to which extent this coverage could influence the confidence in this institution.

Read more about the project.

 

Et utvalg avsluttede prosjekter knyttet til gruppa:

Strengere enn jussen. En analyse av saker som har blitt behandlet av både Pressens Faglige Utvalg og domstolene. Norsk medietidsskrift nr. 1/18:

https://www.idunn.no/nmt/2018/01/strengere_enn_jussen

Kulturtidsskriftene. En analyse av feltet. I utgangspunktet en utredning for Kulturrådet. Bearbeidet og publisert som bok på Fagbokforlaget (2018):

http://www.kulturradet.no/documents/10157/372837c1-4b9d-459a-8a25-da479c13c22a

Evaluering av Khrono, uavhengig nettavis for Høgskolen i Oslo og Akershus

https://khrono.no/files/2017/11/15/33-2014_vedlegg_1_rapport_khrono.pdf

 

Medlemmer av gruppa:

Paul Bjerke (leder)

Svein Brurås

Turid Øvrebø

Ellen Lexerød Hovlid

Gunhild Ring Olsen

Burcu Peksvegen

Jan Arne Halvorsen

Lars J. Halvorsen

Kristian Fuglseth

Dag Roland

Oscar Westlund

Metodeforum

Om metodeforum

Metodeforum er en forskningsgruppe for alle kandidater, veiledere og faglige som er knyttet til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Metodeforum skal være en kjerne i doktorgradsprogrammet og en felles faglig og sosial aktivitet. Det er fire årlige samlinger i Metodeforum.

 

Aktiviteter

Metodeforum skal primært dekke ph.d.-kandidatenes behov og er et tiltak for å sikre gjennomstrømmingen knyttet til doktorgradsprogrammet. Metodeforum skal også ha programtilbud som er relevant og nyttig for veilederne og deres oppgaver.

  • Metodeforum skal samle kandidater, veiledere og ansatte knyttet til doktorgradsprogrammet til framlegg og diskusjoner. Vi ønsker framlegg både av ph.d.-kandidater og fast ansatte.
  • Metodeforum skal tilby foredrag og diskusjoner over temaer som ikke er dekket av de poenggivende kursene i doktorgradsprogrammet. Vi vil ta opp temaer som er sentrale for kvaliteten på både på individuelle forskningsprosjekter og for doktorgradsprogrammet som helhet.

  • Metodeforum skal arrangere foredrag og diskusjoner om sentrale metodologiske temaer og temaer knyttet til doktorgradens profil.

  • Midtvegsvurderinger og sluttlesninger for kandidater skal normalt legges til Metodeforum.

 

Kontaktperson

Leder for Metodeforum: Kjartan Leer-Salvesen, leersalv@hivolda.no, tlf. 41 65 98 05.

 

Mikrohistorie

Fagleg føremål

Forskingsgruppa i mikrohistorie skal vidareutvikle dette fagfeltet, mellom anna ved kopling til masteremnet KUM309 og skriftleg produksjon i form av artiklar og bøker.

Les meir her

 

 

 

NAV-gruppe

Føremål

Føremålet til forskingsgruppa er å generere forsking om NAV.

Medlemmar

Alf Roger Djupvik (leiar)

Erlend Walseth

Pål Roar Torp Brekke

Bjarte Folkestad

Gerd Skjong

Magne Eikås (HVL)

Svein Tuastad (UiS)

Aktivitetar

Søknader om forskingsstøtte.

Fagleg forum mellom medlemmane i gruppa.

 

 

 

 

 

Nynorsk skriftkultur

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur

Om forskargruppa for nynorsk skriftkultur:

Forskargruppa for nynorsk skriftkultur skal vere open og inkluderande for alle vitskapleg tilsette innanfor UH-sektoren som er interesserte i forsking på det nynorske feltet, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak. Det er ønskjeleg at forskargruppa har disiplinmessig breidde og femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samstundes som det er ønskjeleg at nynorsk skriftkultur står i sentrum – både direkte og indirekte, til dømes gjennom ulike former for komparasjon. Forskargruppa skal ha ein inviterande profil, vere open for kontakt med nærskylde tiltak og ha eit særleg auge for tverrfaglege tilnærmingsmåtar.

Les meir

Profesjonsetikk

Forskningsgruppen i profesjonsetikk er en tverrfaglig forskningsgruppe som er åpen for ansatte ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og ansatte i Helse Møre og Romsdal. Vi er knyttet til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Forskningsgruppen vil perspektivere etiske problemstillinger både relasjonelt og kontekstuelt (strukturvilkår), og bearbeider problemstillinger i kjernen av profesjonelt arbeid. Les meir

Profesjonsfag

Eit av formåla med gruppa er å utvikle profesjonskunnskap som kan kome til nytte både for lærarutdanningane og praksis. Eit anna formål er kompetanseheving og publisering, og deltaking i aktivitetar som kan støtte opp om desse områda. Gruppa forskar i hovudsak på område innan kvalifisering, profesjonsutøving, kunnskapstypar og kunnskapen sin status, og profesjonsetikk/ skjønn. Les meir

Religion og livssyn

Formål

Forskergruppen Religion og livssyn arrangerer regelmessige forskningssamlinger, der både nye og erfarne forskere har mulighet til å presentere arbeid innenfor de prosjektene som initieres i gruppen. Med i forskergruppen er også stipendiater og mastergradsstudenter. I tillegg arrangerer gruppen mer spesifikke fagseminar, der man inviterer kolleger utenfor gruppen til å bidra. Forskergruppen springer ut av fagmiljøet ved Institutt for religion og livssyn, og har for inneværende periode et faglig fokus på to prosjekter innen religion- og livssynsdidaktikk (et prosjekt som del av UH-nett Vest) og ett prosjekt om vekkelsesforskning. Forskergruppen har gjennom Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) den fagfellevurderte publikasjonsplattformen Kykjefag profil på Cappelen Damm Akademisk.

Medlemmer

Knut-Willy Sæther (leder)

Rebekka H. Maude

Guro Bjørnevik

Arne Kjell Redse

Per Halse

Bente Afset

Hildegunn Valen Kleive

Birger Løvlie

Jan Ove Ulstein

Jonas Gamborg Lillebø

Jostein Garcia de Presno

Kjartan Leer-Salvesen

Ragnhild Fauske

Kristin Hatlebrekke

Ralph Meier

Anders Aschim

Workshops og forskningssamlinger våren 2019

American arguments for a state church

Høgskulen i Volda, 16. januar, Birger Løvlie, Inger Marie Okkenhaug, Knut-Willy Sæther m.fl.

Catholic catechesis in Norway. Core elements and local practices

Høgskulen i Volda, 27. mars, Anders Aschim, Kristin Hatlebrekke, Hildegunn Valen Kleive, Bente Afset og inviterte forskere fra Høgskolen i Innlandet.

Bedrager, sektleder eller svermer? Myndighetenes syn på Hans Nilsen Hauge
Høgskulen i Volda, 5. juni, Jostein Garcia de Presno, Knut-Willy Sæther m.fl.

Forskningssymposium, medio mai

Høgskulen i Volda, mai 2019, deltakere fra Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag samt inviterte fagkolleger fra andre institusjoner.

 

 

 

Samfunnsfagdidaktikk

Forskingsgruppe i samfunnsfagdidaktikk

-      Eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen

Skulefaga er ikkje direkte speglingar av vitskapsfaga, men er forma også av andre verdiar og interesser. Skulefaga har dessutan særeigne verknader for elevar og i samfunnet på til dels andre måtar enn vitskapsfaget. Fagdidaktikken har difor vakse fram som eit felt for forsking og teoriutvikling om skulefaga.

Les meir 

Shakespeare network

The Bergen-Volda Shakespeare Network

Fagleg formål: Formålet med nettverket er å dele, diskutere og utvikle idear om og innsikt i tematikk rundt Shakespeare og interdisplinære fagfelt, som til dømes adaptasjon, biletkunst, omsetjing og bokhistorie.

Aktivitetar: medlemmer frå nettverket møtes ein gong i året og presenterer papers om eit bestemt tema; ved fleire tilfelle har dette kulminert i utgjevingar av antologiar og spesialutgåver av tidsskrift

Prosjekt: mange individuelle prosjekt

Leiar: Svenn-Arve Myklebost (HVO)

Medlemmer: om lag 40-45 personar frå England, USA, Italia, Kroatia, Ungarn, Canada, Frankrike, Danmark, Finland, m.fl. Frå Noreg: Svenn-Arve Myklebost (HVO), Timothy Saunders (HVO), Delilah Bermudez Brataas (NTNU), Stuart Sillars (emeritus UiB), Roy Eriksen (UiA), Perry McPartland (UiA), Siri Vevle (UiB/HVO).

 

Meir informasjon på nettverket si heimeside: https://bvshakespearenet.wordpress.com/

Spesialpedagogikk og inkludering

Fagleg føremål: Forskingsgruppa har som fagleg formål å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging, og korleis skule og barnehage kan jobbe for å imøtekome desse behova på ein god måte.

Aktivitetar (plan for arbeidet i gruppa): Gruppa kjem til å ha ein fast møteplan, med møter ca. ein gong i månaden. På møta vil vi ta opp orienteringssaker knytt til forskingsaktivitet og tema som er aktuelle for gruppa. Vi vil også ha eit fagleg innslag der ein av medlemmane har framlegg og dei andre gir respons. Framlegget kan handle både om tekstproduksjon og datainnsamling/forskingsdesign. Det er også aktuelt å invitere inn eksterne forskarar/fagpersonar frå andre institusjonar og avdelingar som kan halde innlegg om ulike tema.

Aktuelle samarbeid og nettverk: Gruppa er representert både i Midtnorsk forskerforum for spesialpedagogikk og i Nettverk for spesialpedagogikkutdanning i Noreg. Vi samarbeider også med Statped Midt og Møreforsking. I tilsettprofilen til dei ulike medlemmane, er ulike samarbeidsprosjekt knytt til forsking nærare omtala. 

 

Medlemmer (pr. d.d): 

Silje Ims Lied

Peder Haug 

Gunhild Nordvik Reite

Marianne Hareide Andreasen

Reidunn Tvergrov Øye

Anne Randi Fagerlid Festøy

Anne-Kari Remøy

Berit Huse

Leiar: Stine Ekornes

Språkleg og kulturelt mangfald

Forskargruppa ønsker å bidra med og utvikle kunnskap om moglegheiter og utfordringar som det språklege og kulturelle mangfaldet gir slik at barnehagar og skular i større grad kan klare å legge til rette for eit oppvekst- og læringsmiljø som gir best mogleg utbytte for alle barn, unge og vaksne.

Forskargruppa er tverrfagleg og har det til felles at ein er oppteken av ulike problemstillingar knytt til utvikling av oppvekst og opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle barnehage- og skulemiljø. Sentrale forskingsinteresser er:

  • Språkleg og kulturelt mangfald som ressurs
  • Tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
  • Norskopplæring i eit andrespråksperspektiv
  • Nynorsk i andrespråksopplæringa
  • Samarbeid med fleirspråklege og fleirkulturelle foreldre
  • Inkludering og antirasistisk arbeid

Forskargruppa blei etablert hausten 2017. Målet er å utvikle høg kompetanse på det fleirspråklege og fleirkulturelle feltet, utvikle metodekompetanse på forsking i barnehage- og skule, etablere forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, utvikle felles forskingsprosjekt og involvere studentane i forskinga.

Aktiviteten i forskargruppa:

Forskargruppa arbeider i team og har faste møter 1-2 gonger i månaden der vi diskuterer faglege spørsmål knytt til forsking- og utviklingsarbeid på det fleirspråklege og fleirkulturelle feltet. Vi legg fram og gir respons på forskingsarbeid, forskingsidéer og utkast til publikasjonar, held oss oppdatert på forskingsfronten, og arbeider med å utforme eit felles forskingsprosjekt i samarbeid med samarbeidspartnarar og involvere masterstudentane i forskinga.

Skuleåret 2016-2017 hadde medlemmane i forskargruppa det faglege ansvaret for den nasjonale satsinga Kompetanse for mangfald – eit eittårig skule- og barnehagebasert kompetansehevingsprosjekt på det fleirkulturelle feltet.

Pågåande forskingsprosjekt:

Med utgangspunkt i eit felles overordna prosjekt knytt til barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling på det fleirkulturelle feltet, arbeider vi med følgjande delprosjekt:

  • Munnlegheit i det fleirspråklege klasserommet, Randi Myklebust
  • Skule- og barnehagebasert utvikling på det fleirkulturelle feltet i Møre og Romsdal,  Birgitte Fondevik, Randi Myklebust, Gunnhild Bergset, Kristin Rostad Gangstad
  • Fleirspråklegheit som ressurs i den vidaregåande skule, Sofie Emilie Holmen
  • Eit leseprosjekt i eit afrikansk klasserom, Birgitte Fondevik
  • Children's literature in Multicultural classrooms, Birgitte Fondevik og Randi Myklebust

 

Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar:

Høgskolen i Innlandet : Lise Iversen Kulbrandstad

 

Internasjonalt forskningsnettverk for språkleg og kulturelt mangfald i utdanninga :

Edilic: Éducation et Diversité Linguistique et Culturelle https://www.edilic.org/

Kontaktperson i Noreg : Sofie Emilie Holmen.

 

Bethel Pre- and Primary School, Himo, Kilimanjaro, Tanzania

Kontaktperson i Noreg: Birgitte Fondevik

 

Tilsette ved HVO eller andre institusjonar som er interessert i å vere med i forskargruppa, eventuelt som ekstern samarbeidspartnar, kan ta kontakt med ein av leiarane.

 

Leiarar og kontaktpersonar: 

Birgitte Fondevik (førstelektor i norsk), leiar, tlf: 70075039, e-post: bfg@hivolda.no

Randi Myklebust (førsteamanuensis i pedagogikk), leiar, tlf:70075378, e-post:    randim@hivolda.no

 

Medlemmar:

Gunnhild Bergset (høgskulelektor i pedagogikk)

Sofie Emilie Holmen (høgskulelektor i norsk)

Kristin Rostad Gangstad (høgskulelektor i pedagogikk)

Kathrine Tvinnereim (høgskulelektor i pedagogikk)

Språk og læring

Fagleg formål: Forskargruppa samlar forskarar som på ulike måtar har interesse for forsking på språk og læring, både frå engelsk- og norskmiljøet ved Høgskulen i Volda. Gruppa er eit forum for diskusjon av eiga og andres forsking, og eit forum ein kan vende seg til for utprøving av nye idear.

Aktivitetar: 3-4 møte kvart semester.

Prosjekt som gruppa (medlemmer i gruppa) er involverte i:

· Brain power and language learning

· Teaching morphological awareness in L2 English vocabulary acquisition

· Nynorsk språkdidaktikk i sjetteklasse

· Sosio-kognitiv funksjonell grammatikk i skulen

 

Leiar: Tor Arne Haugen

 

Medlemmer:

Jeannique Anne Darby

Hjalmar Eiksund

Pernille Fiskerstrand

Stig Jarle Helset

Jorunn Hetland

Vibeke Jensen

Gudrun Kløve Juuhl

Katrin Lunde 

Kjetil Arve Myskja

Maren Østrem Nesse

Kristin Kibsgaard Sjøhelle

Eivor Finset Spilling

Research Group on Immersive Media and Multisensory Perception

Background

The Research Group on Immersive Media and Multisensory Perception focuses on the emerging uses of VR and AR technologies in a range of fields, from immersive journalism, to digital heritage, destination marketing, immersive learning and simulation, sound perception in animation, and 3D animation techniques. The group is organizationally located within the Institute for Film and Animation (IFA) at the Faculty of Media (AMF), but membership is open to all HVO researchers working with immersive media and multisensory perception. Read more

Tidleg litterasitet i barnehagen

Forskargruppe for tidleg litterasitet i barnehagen

Om forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehagen

Forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehagen er opptatt av å styrke barnehagelærarutdanninga (BLU) i å ruste studentar til å skape språkstimulerande miljø i barnehagen. Andre føremål er å undersøkja barns og barnehagars praksisar knytt til literacy, og  å prøve ut og implementere språklege tiltak i praksisfeltet. Forskargruppa er tverrfagleg, og det medlemene har felles er at dei er tilknytta barnehagelærarutdanninga og har ei interesse for arbeid med språk i barnehagen. Til no er fag som norsk, pedagogikk, drama, mat og helse, naturfag og matematikk representerte.

Les meir

Tverrprofesjonelt samarbeid

Banner

Forskargruppa er eit samlingspunkt for forskarar med interesse for å utvikle forskingsbasert kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid på område som er relevante for helse- og sosialfagleg arbeid. Gruppa er ei av to forskingsgrupper som er oppretta for å støtte opp om det felles doktorgradsprogrammet mellom Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda: «Profesjonsutøving - vilkår og utvikling»

Gruppa har som føremål å utvikle forskingsbasert kunnskap som kan kome til nytte i forsking, undervisning, formidling og praksis. I praksis handlar dette om å støtte medlemmene i arbeidet med å utvikle prosjekt, finne samarbeidspartar, skaffe midlar, gjennomføre prosjekt og publisere denne.

Gruppa samlast fire dagar i året. Fokuset ligg på både det å bygge forskingskompetanse og bidra til forsking og forskingsformidling. Faglege diskusjonar som støttar opp om nasjonale og internasjonale forskingspublikasjonar vert særleg vektlagt.

Møta i gruppa har i regelen to komponentar:

  1. Fagleg innlegg med brei fagleg eller metodisk nytteverdi frå medlemmer eller innhenta ekspertar.
  2. Presentasjon av og respons på medlemmene sine skriftlege arbeid i ulike stadium av forskingsprosessen. Dette strekkjer seg frå presentasjon av forskingsidear, via respons på teoretiske vinklar og analysestrategi til paper som er snart ferdige.

Kontaktpersonar

· Professor Atle Ødegård, Høgskolen i Molde

· Førsteamanuensis Roar Stokken, Høgskulen i Volda

Nye medlemmer er hjarteleg velkomne.

 

Link til gruppa på Høgskulen i Molde sine sider

Bloggen vår.

 

 

Volda medvitsforum

Fagleg formål: Forstå medvitet

Aktivitetar: Tverrfaglege diskusjonar, artikkelgjennomgang, og foredrag med inviterte gjestar

Leiar: Eirik Søvik

 

Medlemmar:

Professor Tor-Johan Ekeland

Professor Tor Arne Haugen

Professor Jorunn Hetland

Professor Jan Inge Sørbø

Professor Knut-Willy Sæther

Professor Magnar Åm

Førsteamanuensis Jonas Lillebø

Førsteamanuensis Katrin Lunde

Førsteamanuensis Helga Synnevåg Løvoll

Førsteamanuensis Anemari Neple

Førsteamanuensis Timothy Saunders

Delar av forskinga ved Høgskulen i Volda er organisert i forskingsgrupper. Forskingsgruppene kan omfatte forskarar på tvers av institutt og avdelingar, og også forskarar ved andre institusjonar.

Aktiviteten i gruppene varierer mykje, avhengig av fagområde, forskingstradisjonar og aktivitet i form av prosjekt, tilknytte ph.d.-stipendiatar og andre forhold.

Nettsidene som presenterer forskingsgruppene er under oppbygging.