Open tilgang/Open Access-prinsipp ved Høgskulen i Volda

Prinsippa vart vedtatt av Publiseringsutvalet 28.05.2014 og Forskingsutvalet 17.06.2014.

Open tilgang til vitskaplege resultat er ein viktig føresetnad for eit velfungerande demokrati, for fri meinings- og kunnskapsutveksling og for at vitskapen skal kunne vere eit godt verkty for utvikling av samfunns- og næringsliv.

Høgskulen i Volda vil at forskingsresultat skal vere fritt tilgjengeleg for einskildmenneske, offentleg, privat og frivilleg sektor og det globale forskarsamfunnet.

Høgskulen i Volda sluttar seg til følgjande grunnleggjande prinsipp om open tilgang til vitskaplege resultat:

-          Val av publiseringskanal

Høgskulen i Volda skal leggje til rette for at studentar og forskarar kan velje dei publiseringskanalane som gjev friast mogleg tilgang til publikasjonen, anten ved at dei har ein god politikk med omsyn til å tillate eigenarkivering eller ved at publiseringskanalen har open tilgang-/Open Access.

For å leggje til rette for publisering i reine open tilgang-/Open Access-tidsskrift har Høgskulen i Volda oppretta eit eige Publiseringsfond som ei prøveordning i 2014 og 2015. Ordninga vart vidareført frå og med 2016.

-          Eigenarkivering

Høgskulen i Volda vil at forskinga ved institusjonen skal vere offentleg tilgjengeleg i vårt opne institusjonelle vitskapsarkiv (BRAVO).

Skriftseriar ved Høgskulen i Volda skal følgje prinsippa for open tilgang/Open Access om fri tilgang til vitskaplege publiseringar.

Følgjande publikasjonar skal arkiverast i Høgskulen i Volda sitt opne institusjonelle vitskapsarkiv – BRAVO (i samsvar med vedtekne retningsliner for BRAVO):

-          Open tilgang-/Open Access-artiklar

-          Ph.d. - avhandlingar

-          Mastergradsoppgåver

-          Bacheloroppgåver

-          Rapportar og andre skrifter ved Høgskulen i Volda (HVOs skriftseriar)