Open forsking

Open forsking (open science) inkluderer både open tilgang til forskingsresultat, publikasjonar, data og metodar. Bakgrunnen er prinsippet om at forskingsprosessar og resultat frå offentleg finansiert forsking skal verte gjort «så opne som mogleg og så lukka som nødvendig». 

Open forsking omfattar openheit og kunnskapsdeling gjennom heile forskingsprosessen, frå igangsetjing til analyse og vitskapeleg publisering. Omgrepet vert også nytta om større endringar i det vitskaplege systemet. Open forsking byggjer på grunnleggjande forskingsetiske normer, som er viktige for å sikre kvalitet og tillit til forsking og forskingsresultat. Samstundes handlar open forsking om å flytte forskingsfronten ved å opne for nye tilnærmingar og metodar. Les meir om open forsking på nettsidene til Forskingsrådet.  

På nettsida openscience.no kan ein finne ei oversikt over nasjonale retningslinjer og strategiar.