Forskingsutvalet (FU)
Forskingsutvalet (FU) er leia av rektor og har representantar frå dei fire avdelingane, stipendiatane og studenttinget.
Høgskulestyret har fastsett følgjande mandat for Forskingsutvalet (Sak 34/2019):
Forskingsutvalet er eit rådgivande og strategisk organ for rektor og Høgskulestyret i saker som gjeld forsking, formidling, innovasjon, forskarutdanning, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Forskingsutvalet skal legge til rette for diskusjon og erfaringsutveksling mellom avdelingane med sikte på å utvikle beste praksis i dei sakene som vert handsama.
Forskingsutvalet skal
- fremje forsking ved Høgskulen i Volda (HVO) i tråd med strategiplanen
- gje råd om strategiar og tiltak som kan styrke omfanget og kvaliteten på forsking og utvikling ved HVO
- gje råd om forskarutdanning og stipendiatsatsing.
- vere pådrivar for at forskinga ved HVO held høg kvalitet og fører til nasjonal og internasjonal vitskapleg publisering
- vere pådrivar for internasjonalisering av forskinga
- disponere og følgje opp bruken av dei strategiske forskingsmidlane ved HVO
- fremje god forskingsskikk gjennom å utarbeide forskingsetiske retningslinjer
- på førespurnad kvalitetssikre forskingsprosjekt ved HVO
- handsame årleg forskingsmelding som skal leggast fram for Høgskulestyret
- gje innstilling til styret om FoU-prisen
- inspirere til formidlingsverksemd og godkjenne tildeling av interne FoU-poeng
- stimulere til studentaktiv FoU-verksemd