Personvern i forsking
Dersom du skal samle inn, registrere, behandle, eller lagre personopplysningar i samband med eit student- eller forskingsprosjekt, må du registrere prosjektet i meldeskjema til Sikt. Sikt er Høgskulen i Volda sin personvernrådgivar for forsking, og vil vurdere om planlagt behandling av personopplysningar er i tråd med krav i personvernregelverket.
Meldeskjema skal sendast til Sikt seinast 30 dagar før innsamlinga av personopplysningar skal starte. Dersom prosjektet er omfatta av helseforskingslova, må ein søke om førehandsgodkjenning frå REK.
Merk: Prosjekt med låg risiko og personvernulempe kan få ei automatisk vurdering frå Sikt. I slike tilfelle vil ikkje ein rådgivar manuelt gå gjennom meldeskjema og vedlegg. Student/forskar må då sikre at informasjonsskrivet inneheld all lovpålagt informasjon.
Kontaktpersonar
Sikt Personverntjenester: forskingsrådgivar Sunniva Hagen.
Personvernombod: Tarjei Solheim Almestad.