Forskingsetikk og personvern

Forskingsetikk skal vere ein integrert del av all forsking ved Høgskulen i Volda.

Forskingsetikk

Omgrepet forskingsetikk viser til lover og retningslinjer, men handlar også om haldningar, kultur og god vitskapleg praksis. Kvar enkelt forskar har ansvar for at forskinga deira vert utført i samsvar med lover og retningslinjer og følgjer god forskingsskikk. Høgskulen i Volda har ansvar for at alle som driv forsking har fått naudsynt opplæring i anerkjente forskingsetiske normer. Forskingsetikk vert regulert av både nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer. 

Nyttige lenker

Kontaktperson ved Høgskulen i Volda

Lokal kontaktperson i slike saker er Forskingssjef

Personvern

Dersom du samlar inn personopplysningar i student- eller forskingsprosjektet ditt, skal prosjektet ditt meldast til NSD - Norsk senter for forskingsdata. NSD er HVO sin personvernrådgjevar for forsking.

Reglane seier at om du ved hjelp av intervju, spørjeskjema, observasjonar eller på annan måte skal samle inn, registrere, behandle, eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), må prosjektet ditt førehandsvurderast. Du må då fylle ut eit eige meldeskjema og sende det til NSD. Ei slik førehandsvurdering av ivaretakinga av personvernet er lovpålagt gjennom personopplysningsloven, og framgangsmåten med å sende melding til NSD er bestemt av leiinga ved Høgskulen i Volda.

Når er prosjektet meldepliktig?

Dersom du behandlar følgjande opplysningar i ditt prosjekt, skal prosjektet meldast til NSD:

  • Personopplysningar er opplysningar som direkte eller indirekte kan identifisere ein person.
  • Direkte personidentifiserbare opplysningar er namn, personnummer eller andre personlege kjenneteikn.
  • Indirekte personidentifiserbare opplysningar er bakgrunnsopplysningar som kan gjere det muleg å spore opplysningane tilbake til ein einskidperson, til dømes bustadkommune eller institusjonstilknyting kombinert med opplysningar om alder, kjønn, yrke, nasjonalitet, diagnose, etc.

Prosjektet skal meldast sjølv om personopplysningane er erstatta med eit nummer, ei kode, fiktive namn eller liknande og dette visar til ei separat namneliste med personopplysningar.

Mange forskarar nyttar lyd- eller videoopptak i datainnsamlinga for å få god dokumentasjon av utsegner og einskildsituasjonar, til dømes i intervju og observasjon. Å filme eller registrere tale ved hjelp av lydopptak vert per definisjon rekna som registrering og lagring av personopplysningar. Bruk av bilde- og/eller lydopptak av personar skal difor meldast til NSD.

Sjølv om all rapportering frå prosjektet er anonym, kan prosjektet likevel vere meldepliktig dersom det under arbeidet med prosjektet blir behandla personopplysningar.

Forskingsprosjekt som behandlar helseopplysingar kan vere omfatta av helseforskningsloven dersom føremålet er å framskaffe ny kunnskap om helse eller sjukdom. Om prosjektet fell inn under helseforskningsloven, er det naudsynt med godkennning frå Regional komité for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK). I tillegg skal ein samstundes melde prosjektet til NSD for ei førehandsvurdering av behandlinga av personopplysingar. Om ein er usikker på om det er naudsynt med REK-godkjenning, kan ein be NSD om hjelp til å vurdere dette.

 

Nyttige lenker

NSD - Norsk senter for forskingsdata

Personvernombod 

Personvernombodet ved Høgskulen i Volda er Cecilie Røeggen