See list of study plans starting on:

Musikk - årsstudium

Program of study: 
Music - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2024
Number of students: 
35
Type of study: 
Year programme
Admission and rating

Generell studiekompetanse. 

About

Årsstudium i musikk er eit studium som gir eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk gjennom samspel, musikkformidling, musikkteori- og historie, arrangering, komponering og bruk av musikkteknologi. 

Studiet gir grunnleggande kompetanse for arbeid innan eit variert spekter av arbeidsplassar som kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring. 

Årsstudiet er identisk med første året i bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for vidare studium i musikk. Det kan også vera ei vidareutdanning for både lærarar og barnehagelærarar eller inngå i ein fritt samansett bachelorgrad. 

Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studieprogram:  

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har oppdatert kunnskap om musikk i ein brei fagleg kontekst, og kjenner til musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar
  • har kunnskap om praktisk musikkteori og arrangering, og om komponering ved hjelp av musikkteknologi
  • har kunnskap om PA og mikrofonteknikk for utøvings- og innspelingssituasjonar
  • kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar og prosessar på ulike nivå
  • kjenner til aktuelle fag- og læreplanar knytt til musikkfaget i grunnskulen
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • kan bruke eit valt fordjupingsinstrument og aktuelle bandinstrument i ulike framføringssituasjonar, og reflektere over eigne ferdigheiter
  • kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i utøving og komponering
  • kan arrangere og tilpasse musikalsk materiale for ulike målgrupper
  • kan planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og grunngje faglege val
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar 
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
  • kjenner til relevant forsking- og utviklingsarbeid i faget
Content structure

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervising, samspel, og gruppediskusjonar.

Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom utformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesingar. 

Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen. 

Musikk - årsstudium
Navn: 
Musikk - årsstudium
Suitability

Studiet har praksisprosjekt og det skal leverast politiattest. 

Professional training

Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet. 

Anna
Eit kurs i folkemusikk er ein obligatorisk del av studiet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del i obligatoriske kurs, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Ansvarleg
Stein Helge Solstad