See list of study plans starting on:

Musikk (årsstudium)

Program of study: 
Music - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
35
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse. Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental praksis.

About

Årsstudium i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving og formidling. Studiet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen/SFO, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Årsstudiet er identisk med første året i bachelorstudiet i musikk ved Høgskulen i Volda og gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, er ein del av studiet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Studenten har kunnskap om grunnleggande musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver.

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike samanhengar i samfunnet
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
  • musikkutøving og framføringspraksis
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
Learning outcome skills

Studenten kan

  • formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • nytte ulike metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og praksis
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Content structure

Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.

Årsstudium i musikk
Navn: 
Årsstudium i musikk
Professional training

Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet.

Anna
Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull akademiet på Voss. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Ansvarleg
-