Musikk (årsstudium)
Årsstudium i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen/SFO, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Årsstudiet er identisk med første året i bachelorstudiet i musikk ved Høgskulen i Volda og gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om grunnleggande musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver.
Studenten har kunnskap om
- musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike samanhengar i samfunnet
- musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
- musikkutøving og framføringspraksis
- gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
- sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
Studenten kan
- formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
- nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og pedagogisk praksis
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.