ULESA3B Digital kultur og offentlegheit

Course code: 
ULESA3B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Digital kultur og offentlegheit
Teaching semester: 
2023 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Samfunnsfaglig utforsking
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet utforskar deltaking og samhandling i digital kultur og offentligheit. Digitale media har endra vilkåra for kommunikasjon og deltaking i offentlegheita. Nye kulturuttrykk og distribusjonsformer har vakse fram og gitt digitale fellesskap. Moglegheitene for å ytre seg er meir tilgjengelege, men høva til å nå mange er ulikt fordelt.

Emnet legg vekt på spørsmål om korleis digitale media påverkar samfunnsdebatten og demokratiske prosessar, om kva moglegheiter digitale kanalar gir for deltaking i offentlegheita og for utvikling av digital identitet og medborgarskap. Emnet dreiar seg elles om korleis digitaliseringa endrar tilgangen til og forståinga av kulturuttrykk, som film, foto og litteratur. Problemstillingane blir utforska med utgangspunkt i forskjellige perspektiv og fagtradisjonar, som historie, kjønnsstudiar, etnografiske studiar, medievitenskap og didaktikk. Sentrale tema er sosiale media, digital kjeldekritikk, og digitalt medborgarskap.

Arbeidet med pensum og arbeidskrav i emnet vil bidra til å utvikle studenten si tenking omkring digital kultur og offentlegheit, korleis ein kan stimulere til kritisk tenking og digital danning hos elevar i grunnskulen, og studenten sine ferdigheiter i akademisk skriving.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • djupnekunnskap om forsking om digital kultur og offentligheit
  • djupnekunnskap om digitale ferdigheiter i samfunnsfag
  • inngåande kunnskap om mediekvardagen i skule og samfunn, både i norske og internasjonale samanhengar 
  • inngåande kunnskap om den historiske bakgrunnen for dagens digitale mediesamfunn
  • inngåande kunnskap om korleis digital teknologi kan brukast i undervisningssamanheng
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bidra til elevane si utvikling av digital medborgarskap og bevisstheit om deira ansvar og rett til deltaking
  • kan finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i undervisning
  • kan vurdere og bruke relevante læremidlar, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan orientere seg i nasjonal og internasjonal forsking om digitale media i skulen, og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
Learning outcome qualification
  • kan reflektere over samfunnsfaglege- og profesjonsetiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • kan skrive akademiske tekstar
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom variert klasseromsundervisning, seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.

Assessment requirements
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
  2. Levere tre mindre arbeid knytt til kompetansemål i emne gjennom semesteret. 
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Kjersti Straume
Used in other programs
  • Teaching and learning - experience-based master's degree
  • Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal som semesteroppgåve skrive ein vitskapeleg artikkel på 2400 – 2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følge vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. 
Ingen.
Semesteroppgåve på 2400-2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Approval signature: 
Randi Bergem, 03.03.2022