ULEMGOPPG Master's thesis

Course code: 
ULEMGOPPG
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført og bestått dei tre obligatoriske emna i masterutdanninga innan utgangen av semesteret.

Course content

Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Masteroppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid. Oppgåva skal ha ein klar relevans for skulen, vere fagdidaktisk og knytt til masterfaget. Kunnskapsgrunnlag skal hentast frå masterfaget og pedagogikk og elevkunnskap. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til FoU-arbeid ved Høgskulen i Volda.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskap om eit avgrensa profesjonsretta forskingsfelt som oppgåva tek opp
  • har inngåande kunnskap om aktuell forsking, teori og metode med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • har inngåande kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg avhandling
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • kan velje relevant kunnskapsgrunnlag og nytte det kritisk som reiskap i forskingsprosjektet
  • kan bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • kan vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt
  • kan analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
Working and learning activities

​I starten av semesteret vert det gjennomført obligatoriske undervisningsdagar.

Oppgåvearbeidet skal gjerast individuelt med rettleiing.

Det vert gjennomført obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting.

Assessment requirements
  1. ​Kontrakten i «Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva» må vere oppfylt.
  2. Obligatorisk frammøte til all organisert undervisning.
  3. Bestått karakter på emnet Vitskapsteori og forskingsmetode.
  4. Aktiv deltaking med presentasjon og drøfting på oppgåveseminar.

Tidspunkt og nærare informasjon for dei ulike delane vert gitt i starten av semesteret.

 

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kim-Daniel Vattøy
Used in other programs
  • Teaching and learning - experience-based master's degree
Assessment FormGroupingDurationGrading scaleProportionCommentSupport MaterialsScope
Master's thesis
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust