Semestre

TOD201 Teaterproduksjon 3: Samtidsteater

Emnekode: 
TOD201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 5: Contemporary theatre
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 5: Samtidsteater
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
TOD102 Teaterkunnskap
TOD103 Teaterproduksjon 2: Frå realismen til modernismen
TOD104 Teaterproduksjon 3: Forteljarteater
Krav til forkunnskapar

60stp i teater- og dramafag, med eit minimum av 30stp i teaterproduksjon.

 

Om emnet

Teaterproduksjon 3 fordjupar seg i skodespelarteknikk etter 1960.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Studentane vil lære om t.d.: Viewpoints, performance, devising, stads-spesifikt teater og dokumentarteater, samt utvikle framsyningar for utvalde målgrupper.
Studentane vil jobbe med:

  • Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar.
  • Skodespelarteknikk og regi-strategiar i samtidsteater (frå 1960 og fram til vår tid).
  • Devised teaterproduksjon.
     
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved devised theatre.
  • har kunnskap om utvalde retningar innan skodespelarkunst og regi i det samtidige teater (fra omlag 1960 og til i dag).
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle framsyningar gjennom devised arbeid, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema.
  • kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar, både munnleg og skriftleg.
  • kan gi regi og rettleiing til andre i ei kunstnarleg prosess.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe.
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og kritisk analysere eige praktisk-estetisk arbeid.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld ei mindre studiereise.

  • Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til research-arbeid, på omlag 1000-1500 ord, med obligatorisk rettleiing.
  • To godkjente framsyningar på Husteater.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk devised framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter.
Alle.
30-45 minutt.
Rapport
Individuell
2 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ein individuell produksjonsrapport, der arbeidet med framsyninga skal grunngjevast og vurderast.
Alle.
2000-2500 ord.
Godkjent av: 
Catarina Andersson