Semestre

TOD103 Teaterproduksjon 2: Moderne teater

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
Krav til forkunnskapar

15 stp i teaterproduksjon.

Om emnet

Teaterproduksjon 2 er eit emne som går djupare inn i skodespelarteknikken, med fokus på utvalde teaterfornyarar frå det 20.århundre.
Emnet tek utgangspunkt i dramaturgiske tilnærmingar i episk og absurd teater, og ser på samanhengene til dagens iscenesettjingar av skodespel frå t.d. Brecht og Ionesco.

Studentane vil jobbe med:

  • Dramaturgi knytt til prosess og produkt i ulike teaterfaglege retningar.
  • Skodespelarteknikk og teaterhistorie i det moderne teateret (frå 1900 og fram mot vår tid).
  • Teateropplevingar.
  • Teaterproduksjon.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i modernistisk skodespelarteknikk.
  • har kunnskap om dramaturgiske omgrep og verkty i analysearbeid og i iscenesettjing.
  • har kunnskap om teaterhistoria og skodespelarteknikken til utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1960).
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg ulike dramaturgiske strategier i arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundrede.
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer.
  • kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

I hovudproduksjonen vil læraren fungere som regissør, og studentane skal fokusere på moderne skodespelarteknikk og anna produksjonsarbeid.

Emnet inneheld 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.

  • Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Eit praktisk - munnleg foredrag, individuelt eller i gruppe, om utvalde teaterfornyarar, med ei skriftleg refleksjonsdel på omlag 1000 ord. 
    Oppgåva vert gitt av emneansvarleg og framleggjast for medstudentar og faglærar.
  • Ei godkjend framsyning på Husteater, knytt til dramaturgiske tilnærmingar i episk eller absurd teater.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter
Alle
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad