Semestre

PPU-DID2FR Didaktikk 2 Framandspråk

Emnekode: 
PPU-DID2FR
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Om emnet

Emnet omfattar arbeid med å analysere elevar si læring i engelskfaget og framandspråkfaga og tilpasse undervisninga for ulike elevgrupper. Korleis ein kan vidareutvikle ferdigheiter i faget, korleis faget kan inngå i tverrfagleg undervisning, og evne til kontinuerleg utvikling av lærarrolla i faget, står sentralt.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har: 

  • Kunnskap om barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur, i språkfaga 
  • Brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar og tilpassa opplæring i språkfaga 
  • Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • Bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse opplæringa i engelskfaget og framandspråkfaga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevens evne til kritisk tenking

  • Legge til rette for tverrfagleg samarbeid og læringsarbeid med andre fagområde

  • Kritisk vurdere og utvikle læringsressursar, inkludert digitale, som er sentrale for språkfaga

  • Gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • Ta ansvar for faglege samarbeid med relevante aktørar aktuelle for skuleverket og forskingsbaserte utviklingsarbeid som fremjer fagleg nyskaping i opplæringa. 

  • Formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå, og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Bestått emne 1 i didaktikk og pedagogikk.   Godkjent oppmøte og arbeidskrav i didaktikk 2.  Gjennomført og godkjent praksis 1 og 2 innan 1. mai.  

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i  Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Studentar leverer arbeidskrav i primærfaget i tillegg til 80% frammøte. Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav: Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Silje Ims Lied