Semestre

NOIN101 Norsk språk, samfunn og høgskulekultur – ei innføring

Emnekode: 
NOIN101
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Norwegian Language, Civilization and Academic life – an Introduction
Emnenavn på bokmål: 
Norsk språk, samfunn og høgskulekultur – en innføring
Eksamenssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Søkjarane må fylle krav til opptak ved universitet og høgskular. Studiet stiller ikkje krav til kunnskapar i Norsk.

Om emnet

Studiet er for internasjonale studentar som er i Erasmus utvekslingsprogram. Emnet vil gi studentane ei kort innføring i det norske samfunnet og det norske språket. Dei vil også få ei kort innføring i akademisk skriving. Målet er at studiet skal støtte og hjelpe studentane å tilpasse seg den norske høgskuleverda.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane ha:

  •  kunnskap om nokre hovudlinjer i norsk historie, geografi og samfunnsliv
  •  kunnskap om nokre trekk ved norsk mentalitet og kultur
  •  noko kunnskap om grunnleggande norsk på nynorsk
  •  kunnskap om krav til akademiske tekstar og studentrolla i Noreg
Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne:

  •  kommunisere på enkelt norsk daglegspråk
  •  skrive akademiske tekstar
Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:

 

  • kjenne til viktige trekk ved det norske samfunnet slik at dei er kjende med kva forventningar ein har til studentar på norske høgskular
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsforma vil vere dominert av dialogbaserte førelesingar, gruppearbeid og presentasjonar. Undervisingsspråket er engelsk. I løpet av studiet skal studentane skrive ei tekst på engelsk, i tråd med krava til akademisk skriving. Studentane vil få rettleiing undervegs i skrivinga, og den endelige teksta vert innlevert til eksamen.Det er obligatorisk frammøte jf. Forskrift om studium ved Høgskulen i Volda.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I løpet av studiet skal kvar einskild student ha oppfylt følgjande arbeidskrav:

  • Ei individuell, skriftleg  tekst  på om lag 1000 ord med obligatorisk, individuell rettleiing
  • Ein munnleg presentasjon på norsk i grupper

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Stått eller ikkje stått
Om lag 1000 ord på engelsk l