Semestre
NO114S Tekst og kultur
Ingen.
Tekstutvalet i Tekst og kultur (NO114S) gir eit bilete av den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Førmoderne litteratur (før 1800)
TP2: Litteratur og modernitet (1800-tallet)
TP3: Litteratur etter 1900
Tekst og kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk, som del av studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur, eller som fritt emne i andre bachelorløp. Det litterære basisemnet i årsstudiet er Tekst og struktur (NO113S). Ein rår studentane til å ta dette før Tekst og kultur (NO114S). Dersom ein startar litteraturstudiet med Tekst og kultur (NO114S), bør ein ha skaffa seg naudsynte basiskunnskapar i litteraturhistorie og sjangerlære på førehand (sjå pensum for Tekst og struktur - NO113S).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- litteratur som historisk og estetisk fenomen
- sentrale sider ved forholdet mellom tekst, subjekt og samfunn i ulike periodar
Studenten
- kan analysere tekstar i samsvar med grunnleggande litteraturfaglege krav
- kan formidle analysen i ein tekst med klart og argumenterande språk
- kan utforme teksten i samsvar med elementære krav til kjeldetilvising
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere inntil tre individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på bokmål.
På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla i éi fil til eksamen.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Historie - bachelor
- Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 0,5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Digital munnleg eksamen. | ||
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Mappevurdering. Svaret skal skrivast på bokmål. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. |