Semestre

NO104N Litteratur i ein historisk og kulturell kontekst

Emnekode: 
NO104N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2028 Vår
Eksamenssemester: 
2028 Vår
Om emnet

Tekstutvalet i Litteratur i ein historisk og kulturell kontekst (NO104N) gir eit bilete av den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Førmoderne litteratur (før 1800)
TP2: Litteratur og modernitet (1800-tallet)
TP3: Litteratur etter 1900

Litteratur i ein historisk og kulturell kontekst er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk, som del av studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur, eller som fritt emne i andre bachelorløp. Det litterære basisemnet i årsstudiet er Innføring i dei litterære sjangrane (NO103N). Ein rår studentane til å ta dette før Litteratur i ein historisk og kulturell kontekst (NO104N). Dersom ein startar litteraturstudiet med Litteratur i ein historisk og kulturell kontekst (NO104N), bør ein ha skaffa seg naudsynte basiskunnskapar i litteraturhistorie og sjangerlære på førehand (sjå pensum for Innføring i dei litterære sjangrane - NO103N).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • litteratur som historisk og estetisk fenomen
  • sentrale sider ved forholdet mellom tekst, subjekt og samfunn i ulike periodar  
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere tekstar i samsvar med grunnleggande litteraturfaglege krav
  • kan formidle analysen i ein tekst med klart og argumenterande språk
  • kan utforme teksten i samsvar med elementære krav til kjeldetilvising
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av digitale arbeidspakkar og individuell rettleiing i samband med oppgåveskriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere inntil tre individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på bokmål.

På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla i éi fil til eksamen.

Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maksimumstal: 
200
Emneansvarleg: 
Eva Pitronova
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - årsstudium, (nettstudium, deltid)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
0,5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Digital munnleg eksamen.
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Mappevurdering. Nettbasert. Svaret skal skrivast på bokmål. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.
Godkjent av: 
Arne Myklebust