Semesters

KUM305 Brennpunkt Midtausten

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KUM305
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Midtausten er nemninga på ein geografisk vagt definert region med felles kulturell referanseramme. Kjerneområdet omfattar beltet av land frå Egypt i vest til Persiabukta i aust med landa på Den arabiske halvøya og Iran. Emnet er delt i fire delar: Frå det vidare midtaust-området i del 1 og 2 blir fokuset avgrensa til Palestina i del 3, og vidare spissa inn mot Jerusalem by i del 4:

Introduksjon 

I dette delemnet skal det gjevast ei innføring i den kulturelle og religiøse bakgrunnen i regionen, med vekt på Palestina og Israel.

  • Territorielle, etniske, politiske og kulturelle forhold i historisk- og samtidsperspektiv
  • Jødedom, kristendom og islam

Midtausten

I dette delemnet skal politisk og kulturell utvikling i regionen studerast, med tyngdepunkt i perioden 1800-2000. Det vil bli lagt vekt på ”interne” forhold som arabiske - og andre - statsdanningar på 1900-talet og på politisk islam. Dessutan tar emnet føre seg ”eksterne” forhold som konsekvensane av europeisk imperialisme og kolonialisme.

  • Historiske, geografiske og ideologiske haldepunkt frå ca. 1800 fram til den første verdskrigen: Det osmanske riket
  • Imperialisme, stormakter og supermakter 1914-2000: Midtaustens strategiske posisjon og stormaktenes rolle
  • Statsdanningar i regionen frå første verdskrig til i dag: Styre, indre opposisjon, innbyrdes forhold, forholdet til stormaktene/verdssamfunnet, økonomiske og sosiale forhold.

Palestina

Dette delemnet handlar om Palestina dei siste 100 – 150 åra, med særleg vekt på tida før 1948. Emnet fokuserer først og fremst på dei politiske konfliktane som knyter seg til opprettinga av staten Israel. Men også det sterke religiøse og etniske innslaget i dette konfliktstoffet skal undersøkast, Både sionisme, og palestinsk og arabisk nasjonalisme skal studerast nærare.

  • Palestina i den siste fasen av det osmanske riket. Jødisk innvandring.
  • Jødedom og sionisme. Forholdet mellom det nasjonalistiske, sosialistiske og kolonialistiske i sionismen.
  • Palestina under mandatperioden: Storbritannias interesser, Balfour-deklarasjonen, jødisk sionisme vs. palestinsk/arabisk nasjonalisme.
  • Staten Israel: Bakgrunn og utvikling, konfliktar, krigar og terrorisme, Israel som regional stormakt, indre motsetnader, israelsk identitet.
  • Palestinsk nasjonalisme: 1948 og nederlaget for palestinsk nasjonalisme, PLO og reorganiseringa av den nasjonale rørsla, sjølvstyre og spørsmålet om ein palestinsk stat. 

”Kampen om Jerusalem”

I dette delemnet står byen Jerusalem i sentrum for interessa; byen som felles-topos for alle dei tre religionane, som religiøst symbol og omstridd geografisk område.

  • Jerusalems historie Byens religiøse og politiske rolle gjennom tidene.
  • Omstridde og symbolske stader: Tempelet, klagemuren og al Aqsa-moskéen, Oljeberget, den heilage grava og Golgata.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert innsikt i Palestina-Israel-konflikten og korleis faktorar av historisk, religiøs, kulturell og etnisk art spelar ei rolle for dei politiske motsetnadene.
  • avansert forståing av den dagsaktuelle situasjonen i lys av den historiske utviklinga dei siste to hundreåra
  • avansert innsikt i samfunns- og religionshistoriske perspektiv i forsking relatert til regionen.
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • trening i å finne fram i og vurdere forskningslitteratur relatert til historia til Palestina-Israel-konflikten dei siste 150 åra.
  • føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor regionen.
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • kunne nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen.
  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av ca 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Alle arbeidskrava må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Prosessoppgåva (sjå 2. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under Vurdering.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i kulturmøte
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Munnleg justerande eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem, 21.02.2020