Semestre
IKF102 Samfunnsvitskaplege og psykologiske perspektiv
Ingen.
Dette emnet tek føre seg idretten og samfunnet i eit grunnleggjande perspektiv. Emnet fokuserer på psykologiske teoriar og idretten si rolle i samfunnet. Gjennom praktisk og didaktisk arbeid utviklar studentane kompetanse i å leggje til rette for læring, meistring og bevegelsesglede i kroppsøving og idrett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- idretten si samfunnsrolle og verdigrunnlag
- motivasjon, læringsklima, dynamikk i idrettsgrupper og sjølvoppfatning i samband med fysisk aktivitet
- prinsipp for ferdsel og grunnleggande friluftsliv i kystnære strøk
- har kunnskap om reglar og prinsipp i utvalde aktivitetar
- metodar og didaktiske tilnærmingar for å leie instruksjon, og korleis ein planlegg, tilpassar og gjennomfører praktisk-metodiske opplegg i utvalde aktivitetsformer
Studenten:
- kan reflektere over idrettsvitskaplege problemstillingar
- kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
- kan planleggje, leie, gjennomføre og evaluere utvalde aktivitetar for ulike målgrupper
- kan ta seg fram ved bruk av kart, kompass og digitale verktøy
- kan leggje til rette for ferdsel og grunnleggande aktivitetar på ein trygg måte i kystnære strøk
Studenten:
- kan gjere greie for idretten sin plass i samfunnet, og reflektere over idrettsvitskaplege problemstillingar
- kan reflektere over opplæring og instruksjon i utvalde aktivitetar, og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og lærar
Emnet kombinerer praktisk aktivitet og teoriundervisnig.
Det vert brukt varierte læringsformer som praktisk undervisningr, studentaktiv læring, forelesingar og digitale læringsressurser.
Emnet vil bestå av fleire delkurs.
Det er krav om aktiv deltaking i alle læringsaktivitetar.
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kvart delkurs jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Presisering av arbeidskrav vert gitt ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
200 kr.
- Idrett - årsstudium
- Idrettsvitskap, kroppsøving og helse - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 3 Dagar | Stått eller ikkje stått | Kystfriluftsliv. |