Semestre

HI113N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Emnekode: 
HI113N
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 1870 to ca 2000
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gi studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til ca 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til fram mot vår tid og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei Individuell prosessoppgåve over oppgitt tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på minst 2500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tar utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Arnljot Løseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie 2 x 15 stp nettstudium
  • Historie 4 x 15 stp, nettstudium, heltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen.
3000 - 3500 ord
Heimeeksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
2
SRS103N
2
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 18.04.16