Semestre
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
HI112N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Ingen
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå 1536 og fram til ca 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida, til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå 1536 til ca 1870 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f. eks. gjennom digitale medium slik som blogg
Studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på minst 2500 ord og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
- Dokumentere historisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet.
- Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i eit digitalt læringsverktøy. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 må gjennomførast i same semester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie 2 x 15 stp nettstudium
- Historie 4 x 15 stp, nettstudium, heltid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen. | 3000 - 3500 ord | |
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Alle. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS102N | 1,5 |