Semestre
ENG1A-17 Engelsk 1A (1-7)
Ingen
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg. Emnet gir ei innføring i språkopplæring, kulturkunnskap og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, kunnskap om språklæring og kunnskap om og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser og ordforråd, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
- Studenten har kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk, og personvern
- Studenten har kunnskap om korleis barn lærer språk i eit framandspråksperspektiv, og om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- Studenten har kunnskap om begynnaropplæring i engelsk
- Studenten har kunnskap om verdien av grunnleggjande ferdigheiter for læring og utvikling, og for prosessar som kan fremje desse i engelskfaget
- Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
- Studenten kjenner nokre trekk ved kulturar i engelsktalande land, med særleg vekt på livssituasjonen til born og unge
- Studenten kjenner eit utval tekstar i ulike sjangrar og medier for born og unge
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og vere ein god språkmodell for elevane
- Studenten kan bruke normer for akademisk tekstproduksjon
- Studenten kan leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremjer utvikling av lytting, tale, lesing, digitale ferdigheiter og skriving, og eit gradvis større ordforråd for alle elevar
- Studenten kan rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis språket er bygt opp, slik at dei kan identifisere og gjere seg nytte av skilnader og likskapar mellom engelsk, morsmålet og andre språk elevane kjenner til.
- Studenten kan nytte fagkunnskap didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
- Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar i ulike medier for born og unge
- Studenten kan analysere og tolke viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå born og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- Studenten kan bruke både kjelder og andre ressursar etisk og kritisk
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, innlevering av arbeidskrav, studentresponsar og diskusjonar, og to samlingar (ei på tre dagar og ei på to dagar), og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til samlingar (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen). Studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York vil få eit kompensatorisk arbeid. Vi oppmodar om at det frå arbeidsgjevar si side vert lagt til rette for at deltakarane får delta på all undervising.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte (minimum 50 %) til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 Studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York vil få eit kompensatorisk arbeid som erstatning for noko av undervisninga som vert gjeven i York.
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre arbeidskrav i:
- didaktikk
- språk
- kultur
- profesjonsfagleg digital kompetanse
Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Engelsk 1 for 1. -7. trinn - vidareutdanning
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell munnleg eksamen via videomøte. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk, der pensumkunnskap tel noko meir. | Sjå informasjon i Canvas. |