Semestre

DR202 Bacheloroppgåve i drama/teater

Emnekode: 
DR202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Bacheloroppgåve i drama/teater
Emnenavn på bokmål: 
Bacheloroppgåve i drama/teater
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
DR111 Inn i dramafaget
DR112 Inn i teateret I: Skodespelarteknikk og barneteater
DR113 Inn i teaterhistoria
DR114 Inn i teateret II: Skodespeltarteknikk og teaterproduksjon
DR201 Inn i teateret III: Skodespelarteknikk og regi
DR116 Teaterpraksis og samfunn
Krav til forkunnskapar

90 stp. drama/teater, med minst 15 stp. på fordjupingsnivå.

Om emnet

Bacheloroppgåva skal vere basert på eit kunstnarleg forskingsprosjekt i teaterfaget.I arbeidet med oppgåva skal studenten arbeide sjølvstendig og vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt tema.
Studentane skal m.a.:

  • få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi.
  • fordjupe seg i eit tema. 
  • velje ut og bearbeide ei problemstilling.
  • samle inn og vurdere kjelder og litteratur. 
  • presentere tematikken i ein kunstarleg og/eller pedagogisk presentasjon.
  • skrive ei oppgåve med fokus på fagfeltet drama- og teater. 
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført enme: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om teatervitskaplege grunnlagsproblem
  • kan reflektere kritisk og systematisk innan fordjupingsemnet
  • har kunnskap om utvalde forskingsmetodar innan fagfeltet
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet og finne fram til relevant litteratur
  • kan formulere og utforske ei egna problemstilling
  • har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei evt. masteroppgåve seinare
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom førelesingar, seminar og sjøvstendig arbeid. Studiet gjev eit felles obligatorisk innføringskurs i teori og metode med alle bachelorstudentane ved Avdeling for kulturfag. Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Det vert også gjeve rettleiing på det praktiske/kunstnariske arbeidet.

  • Studenten må også delta på 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

a) Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Ei mappe med innlevering av: problemområde, forskingssørsmål, problemstilling, oversikt over kva kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, innleiing, og disposisjon av oppgåva .
  • Eit praktisk-teoretisk seminarinnlegg der forskingsprosjekt og metoder vert presentert.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Vibeke Preus
Materialavgift

Det er inga materialavgift på dette emnet.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
6-8 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Bacheloroppgåva skal vere ei analyse av eige praktisk kunstnarleg utviklingsarbeid, eller dramapedagogisk arbeid, ut i frå problemstillinga studenten har utforska.
Oppgåva får felles karakter med den praktiske eksamen.
Alle.
5-7000 ord.
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei praktisk framføring der ei problemstilling utforskast, i td. ein workshop, ei framsyning eller eit pedagogisk undervisingsarbeid, med ein etterfølgjande samtale med faglærar, rettleiar og sensor på omlag 20 minutt. Den praktiske eksamen får felles karakter med bacheloroppgåva.
Alle
6-8 veker
Godkjent av: 
Aud Folkestad