Semesters

DKL08K Nettbrett og koding på småskuletrinnet

Emnekode: 
DKL08K
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Rapporteringsprogram: 
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Fokus på koding i skulen gir elevane høve til å forstå korleis mykje av teknologien dei omgir seg med til dagleg fungererer og er oppbygd. I dette emnet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med koding på frå 1.trinn og oppover, der vi startar utan digitale hjelpemiddel (“unplugged programmering”), før vi prøver ut blokkbasert koding med nettbrett til dømes med lego-figurar (Lego WeDo). Vi jobbar vidare med fysisk koding (“physical computing”), t.d. ved hjelp av Bluebot og andre relevante verktøy for småskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: Studenten kjenner til korleis elevane kan nytte programmering i læringsarbeid, og kan sjølv nytte programmering som lærar.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskapar om oppskrifter i koding (algoritmisk tankegang)
  • har kunnskapar om undervisningsmetodar for koding i skulen
  • kjenner til programmeringa si historie og plass i samfunnet
  • har grunnleggande kunnskap om aktuelle verktøy for koding til bruk i småskulen
Ferdigheiter

Kandidaten kan:  

  • utforme enkle algoritmar og pseudokode
  • lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
  • integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Generell kompetanse

Kandidaten har: 

  • Betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
  • Betra evne til systematisk tenking og korleis teknologi kan støtte den.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan

 

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.300,- 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)1semesterStått eller ikkje ståttStudenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk i LMS'et emnet vert gjennomført i. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk i LMS'et emnet vert gjennomført i. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Hjelpemidler:
Omfang: