Semesters

DKL05K Pedagogisk bruk av nettbrett i småskulen, 1.-3. trinn

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
DKL05K
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Elevane kjem til skulen med utbredt fritidserfaring med nettbrett. Korleis kan vi utnytte desse erfaringane for å få til gode læringsøkter i småskulen, og korleis kan lærarar ta i bruk moglegheitene nettbretta gir for variasjon og tilpassing av opplæringa? Emnet DKL05K tek for seg korleis nettbrett, spel og andre app-ar kan nyttast i begynneropplæringa knytt til ulike fag og kompetansemål og blir tilbode alle som underviser 1.-3.trinn. Emnet DKL05K har eit særleg fokus på kva bruk av nettbrett i læring får av konsekvensar for organisering av læringsøkter . Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om barn- og unges mediekultur. Vurdering av kvalitet på læringsressursar  og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Studenten kan bruke nettbrett slik at det gir meirverdi i undervisninga. Det kan vere i form av variasjon, motivasjon, differensiering og læringsutbytte.

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur, og spesifikt nettbrettbruk  
  • har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til bruk av nettbrett som eit digitalt læringsverkty i klasserommet
  • har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning
  • er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan bruk av nettbrett i undervisning
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte nettbrett som eit naturleg verkty i klasserommet
  • kan bruke nettbrett i lese- og skriveopplæringa
  • kan dokumentere hendingar og produsere digitale forteljingar
  • kan produsere bilde, video, lydfiler og enkel animasjon med nettbrett
  • kan vurdere ulike programvare/ appar effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Studieavgift

2300 kr + semesteravgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)SemesterStått eller ikkje ståttStudenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad