Semesters

DKL03KV Samansette tekstar i læring

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
DKL03KV
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Volda
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Emnet har eit særleg fokus på bruk og vurdering av samansette tekstar i læring. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev kunnskap om tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om barn- og unges mediekultur. Vurdering av kvalitet på medieprodukt og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur      
  • har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av samansette tekstar og digitale læringsverkty
  • har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning
  • er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan medieproduksjon i læringsarbeid
Ferdigheiter

Studenten

  • kan produsere, bruke og evaluere samansette tekstar for bruk i læring
  • kan nyttegjere seg elevane sin mediekulturelle kompetanse i læringssamanheng
  • kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimodale tekstar og vurdere elevane sine produksjonar knytt til fag og på tvers av fag
  • kan vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

 

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Studieavgift

Kr. 2.300,- 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Volda
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)1semesterStått eller ikkje ståttStudenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Synnøve Amdam