Semestre
BLUSTM Språk, tekst og matematikk i barnehagelærarutdanninga
Ingen
I dette kunnskapsområdet vert barns språklege, omgrepsmessige, matematiske og tekstkulturelle utvikling tematisert. Desse utviklingsområda er viktige for barns leik, læring og danning, og er avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og demokratisk samfunn. Innhaldet i kunnskapsområdet dreiar seg om barns språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur og barns matematiske meiningsskaping, kreative undring og problemløysning. I dette kunnskapsområdet fokuserer vi på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar med tilpassa språklege, litterære og matematiske aktivitetar. Kunnskapsområdet skal sikre studenten ein kompetanse som gjev alle barnehagebarn ei best mogleg språk- og matematikkutvikling, også når det gjeld ein god overgang mellom barnehage og skule.
Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om språk- og matematikkutvikling, kartlegging og vurdering. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk, som har like stor vekt i dette kunnskapsområdet. Undervisninga vil tydeliggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om barns matematiske utvikling, barns munnlege og skriftlege språk og språkutvikling, også i fleirspråklege og fleirkulturelle samanhengar
- har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar
- har kunnskap om barns problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk og har kunnskap om verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk, språk og språkmangfald
- har kunnskap om tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking
- har kunnskap om leikens betydning for språk- og matematikklæring
- har kjennskap til samisk forteljartradisjon
Studenten
- skal kunne gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følje opp barns sosiale, språklege og matematiske utvikling
- er ein bevisst språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeid med barnehagens innhald
- skal kunne gjere greie for korleis ein kan organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og sikre kvalitet og kulturelt mangfald i barnehagens tekstformidling
- skal kunne gjere greie for korleis ein kan rettleie og inspirere barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske problem, symbol og samanhengar
- skal kunne fortelje, lese høgt og formidle tekst
- skal kunne analysere og vurdere ulike kartleggingsverktøy
- skal kunne vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i arbeidet med kunnskapsområdet.
Studenten
- skal kunne dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med språk, tekst og matematikk og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid
- skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- er aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk
- meistrar norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk), og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng
- skal kunne analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til språk, tekst og matematikk.
Kunnskapsområdet vert organisert i følgjande åtte overordna temaområder:
1 Introduksjon til kunnskapsområdet STM.
2 Leikens verdi for språk og matematikkutvikling.
3 Språk- og omgrepsutvikling.
4 Tekst- og mediekultur.
5 «Saman om omsorg (SOM)»-seminar.
6 Språk- og matematikkstimulering.
7 Pedagogisk dokumentasjon.
8 Samanhengen barnehage-skule.
9 Oppsummering.
Kunnskap og dugleikar i språk, tekst og matematikk vert tileigna i ein kombinasjon av å delta i aktivitetar i basisgrupper og seminargrupper, på førelesingar og gjennom sjølvstudium. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i dette kunnskapsområdet, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7-3 om frammøte/deltaking i undervisninga. Ein vil gjennom arbeidet med kunnskapsområdet fokusere på korleis den faglege utviklinga kan tilpassast barna sine erfaringsbakgrunnar, interesser, anlegg og føresetnader, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn, og sikre barns rett til medverknad. Det faglege innhaldet frå dette kunnskapsområdet skal vere ein aktiv del av praksis, blant anna gjennom eit praksisprosjekt i fjerde semester.
I løpet av studiet skal studentane utføre og få godkjend minst fem arbeidskrav. Eitt arbeidskrav knytt til kvart av dei tre fagområda (norsk, matematikk og pedagogikk), og to tverrfaglege prosjektarbeid knytt til praksis. Nokre av arbeidskrava skal vere individuelle arbeid, andre skal utførast i basisgrupper eller andre grupper. For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav nr 1: Eit fagleg arbeid som i hovudsak er knytt til norskfaget der arbeidet vert utført ved at to eller tre studentar samarbeider om å skrive ei tekst på om lag 2500 ord. Ei anna gruppe av studentar gjev respons på teksta. Til slutt skal teksta framførast av studentane som har skrive teksta og godkjennast av faglærar. Teksta skal vere skriven på nynorsk.
Arbeidskrav nr 2: Eit fagleg eller tverrfagleg arbeid som i hovudsak er knytt til matematikk. Arbeidet vert utført og innlevert av basisgruppene. Evalueringa vil også gå føre seg i basisgruppene ved at kvar basisgruppe kommenterer og vurderer arbeidet frå ei anna basisgruppe. Faglærar rettleiar i vurderingsprosessen der det trengs, og utfører den endelege godkjenninga. Omfang: 4000 – 5000 ord.
Arbeidskrav nr 3: Eit individuelt skriftleg arbeid i pedagogikk etter SOM-seminaret (Saman Om Omsorg) på minimum 1500 ord og maksimum 2000 ord.
Arbeidskrav nr 4: Eit individuelt prosjektarbeid knytt til praksis med temaet «Barnehagen som språk-, tekst- og matematikkverkstad». Omfang: 5000 ord.
Arbeidskrav nr 5: Eit individuelt arbeid knytt til samanhengen barnehage-skule. Omfang: 2000 ord. Teksta skal vere skriven på bokmål.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |