Disputas: Astrid Gravdal Vølstad

Fredag 12. desember 2025 skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare doktorgradsavhandlinga Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence: Experiences and Perspectives Among Victims and Perpetrators.

Astrid Gravdal Vølstad.

Astrid Gravdal Vølstad. Foto: Stine Kilden.

Astrid Gravdal Vølstad (30) frå Tønsberg er psykolog og har vore stipendiat ved Høgskulen i Volda. Ho fullførte profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo i 2022. Etter doktorgradsarbeidet har ho jobba ved regionalt kompetansesenter for fengsels-, sikkerheits- og rettspsykiatri ved Oslo universitetssjukehus.

Fredag 12. desember held ho prøveforelesing og forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Ph.d.-studiet blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap. Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet.

Disputasen blir halden på engelsk.

Om avhandlinga

Doktorgradsarbeidet har undersøkt partnarvaldsutsette og partnarvaldsutøvarar sine perspektiv på og erfaringar med avverjeplikta. Resultata støttar at avverjeplikta er eit viktig tiltak for å stoppe og førebyggje partnarvald. Dei fleste valdsutsette i studien fortel om positive erfaringar, sjølv om nokre også har opplevd negative konsekvensar. Få har opplevd at dei mista tilliten til hjelpeapparatet. Over halvparten av valdsutøvarane seier at dei ikkje ville ha mista tillit dersom avverjeplikta blei brukt, og meiner at hjelparar bør melde til politiet også i tilfelle der pasientar ikkje ønskjer det. Samtidig set nokre av funna spørsmålsteikn ved praksisen rundt avverjeplikta og om risikoen for alvorleg eller gjenteken vald faktisk blir brukt som kriterium når ein vurderer om avverjeplikta er utløyst. Mange valdsutsette i studien har opplevd alvorleg vald utan at avverjeplikta har blitt brukt. Det er heller ikkje samanheng mellom kva slags vald dei valdsutsette fortel at dei har blitt utsette for, og kva erfaring dei har med avverjeplikta. Dei fleste har fått informasjon om avverjeplikta, men færre rapporterer at dei har kunnskap om avverjeplikta. Dette kan tyde på behov for meir tydeleg informasjon.

Program

  • 10.15: Prøveforelesing. Temaet blir kunngjort før disputasen.
  • 11.00: Pause.
  • 12.15: Disputas.

Heile programmet for disputasen blir tilgjengeleg digitalt før disputasen.

Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium (BK 161) i Berte Kanutte-huset.

Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du strøyme arrangementet på YouTube (direktesending).

Del på: