Video i undervisninga

På HVO vert det laga ulike typar videoar:

Canvas Studio

Dersom du vil halde ei forelesning med visuell støtte i form av ein presentasjon, er Studio enklaste måten å gjere det på. Lyden vert best om du brukar headset. 

Brukarrettleiing

Andre verktøy

Dersom du brukar andre verktøy, kan du halde fram med å bruke dei. HVO gir støtte så lang vi kan.

Bruk av videoar som andre har publisert

Bruk gjerne digitalt innhald som andre har laga, henvis då til opphavsperson.

 

Studio Strøm - høgskuleområdet er stengt frå 16.3.20

Vi har eit eige studio som er tilgjengeleg for alle tilsette. Her kan ein gjere opptak av undervisningssekvensar og få ein video med høg teknisk kvalitet. Bruken av rommet har ein låg terskel, ta kontakt på e-postadressa under for å få rettleiing i korleis lage eigne opptak.  

Opptak frå undervisningsrom - høgskuleområdet er stengt frå 16.3.20

Du  kan gjere opptak av undervisning frå nokre av romma på høgskuleområdet. Ta kontakt på beta@hivold.no for å få hjelp. 

 

Ressursbank for deg som vil lage undervisningsvideo

 

Bruk av video kan tilføre verdifulle kvalitetar i undervisninga. Når studentane får ei innføring i lærestoffet på video, har dei betre føresetnader for å delta i faglege diskusjonar, gruppearbeid, oppgåveløysing og andre undervisningsaktivitetar. 

Ein video frå ei problemstilling frå ein praksissituasjon kan også vere med på å gjere undervisninga meir relevant og korte ned avstanden mellom teori og praksis. Dessutan gjer bruk av videoar studietilbodet tilgjengeleg for fleire i fleksible studiar. Studentar fortel at dei kan stoppe opp, reflektere, ta notatar, spole og høyre om igjen det som var vanskeleg å skjøne. I tillegg vert opptak gjerne brukt som repetisjon (jf. Fossland 2015).

Sidan videoar åleine er ein einvegskommunikasjon frå læraren til studentane, rår vi til at ein brukar video som element i eit meir variert undervisningsdesign. Læraren kan integrere videoane i undervisninga si ved å lage oppgåver og diskutere temaet videoane belyser. Dette kan gjerast både i klasserom eller i nettbaserte læringsmiljø.

 

 

Vi kan produsere videoar frå ulike undervisningsrom eller på lokasjonar i nærleiken av høgskulen. Vi kan også rettleie lærarar som vil lage enkle skjermopptak på eige kontor.

Ta kontakt med oss om du vil drøfte korleis bruke digital teknologi i undervisninga! 

beta@hivolda.no 

Test