Dei ulike typane forskingslitteratur
Vitskapeleg artikkel (forskingsartikkel)
Ein vitskapeleg artikkel blir publisert i eit vitskapeleg tidsskrift. Artikkelen presenterer ny forsking eller gir ny innsikt i faglege problemstillingar. Målgruppa er andre forskarar og fagpersonar innanfor vitskapelege miljø. Nyaste forskinga finn du i nyare artiklar.
Kjenneteikn:
- Brukar fagterminologi og viser til anna forsking.
- Må ha gyldig argumentasjon og grundig dokumentasjon, slik at resultata kan etterprøvast.
- Ofte merka med formuleringar som «fagfellevurdert», «peer reviewed», «research article» «scholarly» eller liknande.
- Før publisering går artikkelen gjennom fagfellevurdering/peer review.
- Metodebruken må vere anerkjent og kome tydeleg fram.
- Siktar mot objektivitet.
- Følgjer ofte IMRad-struktur (på norsk IMRoD): Introduksjon, Metode, Resultat og Diskusjon. I tillegg skal ein vitskapeleg artikkel ha med samandrag (abstract), konklusjon, korrekt utforma kjeldeliste og eventuelle vedlegg. Merk deg at denne ramma for oppbygging kan variere frå fagområde til fagområde.
- Har som oftast DOI (Digital Object Identifier.
- Forfattaren si institusjonstilknyting skal kome tydeleg fram.
- Utgivingsår skal vere med.
Fagfellevurdering (peer review)
Fagfellevurdering inneber at den vitskapelege artikkelen blir vurdert og kvalitetssikra av minst to fagpersonar innan same forskingsfelt (fagfellar) før han blir akseptert for publisering. Vurderinga blir ofte utført anonymt, og både teori, metode og resultat blir gjennomgått. Det er vanleg at artikkelen må gå fleire runder med fagfellevurdering før han blir publisert. Fagfellevurdering blir sett på som det fremste kvalitetskriteriet for vitskapelege artiklar. Det engelske omgrepet for fagfellevurdering er «peer review».
Merk deg at det ikkje nødvdendigvis er alle artiklar som blir publiserte i eit vitskapeleg tidsskrift som oppfyller kriteria om å vere vitskapelege og fagvellevurderte. Du må alltid gå inn på kvar enkelt artikkel og sjekke sjølv. Dette gjeld også i Oria der du kan avgrense til fagfellevurderte tidsskrift i venstremenyen, og i Kanalregisteret som gir informasjon om vitskapeleg nivå (1 og 2) for tidsskrift.
Vitskapelege tidsskrift
Vitskapelege tidsskrift blir gitt ut av eit forlag eller ein organisasjon. Dei inneheld vitskapelege artiklar (forskingsartiklar), har fagfellevurdering og er skrive av og for forskarar. Språket er prega av fagterminologi. .
I Kanalregisteret blir vitskaplege tidsskrift delte inn i nivå 1 og nivå 2, med nivå 2 som det høgaste nivået.
Mange av dei vitskaplege tidsskrifta er tilgjengelege på nett, og HVO abonnerer på fleire faglege databasar der du kan søke etter artiklar i ei rekkje vitskapelege tidsskrift.
Oversiktsartikkel (review, systematic review)
Ein oversiktsartikkel tolkar og vurderer kunnskap som har kome fram i tidlegare studier, oppsummerer resultat og gir ei brei innføring i det aktuelle emneområdet. Både fagfellevurderte review-artiklar (reviews) og systematiske oversikter (systematic reviews, scoping reviews) høyrer med her. På norsk kallar ein det gjerne oppsummert forsking.
Fagartikkel
Fagartiklar skil seg frå vitskapelege artiklar på den måten at dei som regel er vurderte av ein redaktør i staden for ein fagfelle. Dei har såleis ikkje fagfellevurdering. Fagartiklar har gjerne som mål å presentere etablert kunnskap, og dei rettar seg meir mot profesjonsutøvarar enn mot forskarar. Fagartiklar finn du ofte i profesjonstidsskrift.
Vitskaplege forlag og bøker
Eit vitskapleg forlag gir ut fagfellevurderte bøker. Forlaga vert delte inn kategori 1 eller 2, alt etter akademisk nivå. Kategori 2 er det høgaste nivået.
Vurdering av forlag og bøker
Ein bør alltid vere kjeldekritisk og vurdere kjeldene på ein sjølvstendig måte. Hugs at ny forsking alltid byggjer på tidlegare forsking. Sjekk kva andre bøker forlaget har gitt ut, og kven som eig det. Er forlaget til dømes knytta til ein institusjon, som ein høgskule eller eit universitet? Vurder om det først og fremst har kommersielle interesser, eller om hovudføremålet er å medverke til auka kunnskap.
Når du skal vurdere kvaliteten på ei bok, bør du finne ut korleis boka er motteke og omtalt av andre fagpersonar på området. At boka har kjeldeliste og at det blir vist til kjeldene i teksten, er med på å skape tillit og truverde. Boka bør også ha stringens, og gi ei sakleg, balansert framstilling av tema. Kven kjem til ordet? Er framstillinga einsidig, eller har den breidde?
Ein bør også sjekke opplysningar om forfattaren. Har forfatteren formell kompetanse og er tilknytta ein institusjon? Sjå etter om det står informasjon om forfatteren i boka, eller søk opp forfatteren på nettet og sjekk fleire kjelder.
Du finn meir informasjon om kjeldekritikk på Skrive og referere-sidene våre og på Søk og skriv sine sider om kjeldevurdering.