Bøker og tidsskrift med open tilgang (Open Acess)

Artiklar og bøker som vert publisert ope tilgjengeleg (Open Acess) finn du ved å søke på vanleg måte i Oria og Google Scholar.

Universitetsforlaget har gjort alt innhald på Idunn ope tilgjengeleg for alle til biblioteka opnar igjen. På Idunn finn du over 70 tidsskrift og ei rekkje vitskaplege bøker. Vi tilrår å søke direkte i Idunn.

Det er mogeleg å søke på nettet med «plug-ins» til nettlesaren for å finne eventuelle opne versjonar av artiklar.  Søk slik du er vant til, til dømes i Google Scholar.

NYTT!! No kan alle studentar og tilsette logge seg inn med Feide brukarnamn og passord og få digital tilgang til norske bøker, aviser og tidsskrift frå Nettbiblioteket i Nasjonalbiblioteket. Gå til innloggingssida, klikk på Feide i menyen til høgre og logg på.
Meir informasjon finn du på Nasjonalbiblioteket sine sider. Sjekk også sida deira med Søketips i nettbiblioteket


I tillegg finst det ein del andre ressursar med open tilgang som du finn i oversikten nedanfor:

Norske fagbøker

Universitetsforlaget: https://www.idunn.no/bok

Cappelen Damm akademisk (Nordic Open Access Scholarly Publishing):  https://www.cappelendammundervisning.no/cdu/akademisk/nordic-open-access-scholarly-publishing/index.action

Alle fagbøker

DOAB (Directory of open access books): https://www.doabooks.org/

Her kan ein søkje etter titlar m.m. Ved å bruke fana Browse, kan ein sortere både etter tittel, emne og utgjevar.

Tidsskrift

Den mest komplette oversikta over tidsskrift med open tilgang finn ein på DOAJ (Directory of Open Access Journals):

Norske tidsskrift: https://www.openaccess.no/SOS%20-%20Sp%C3%B8rsm%C3%A5l%20og%20Svar/norske-open-access-tidsskrifter/

Alle tidsskrift: https://doaj.org/