Søk med «plug-in» til nettlesaren for å finne opne versjonar av artiklar

Det er mogeleg å søke på nettet med «plug-in» til nettlesaren for å finne opne versjonar av artiklar. Søk slik du er vant til, til dømes i Google Scholar, og bruk «plug-ins» til nettlesaren som viser deg kvar du eventuelt finn opne versjonar av ein artikkel (desse verktøya må først lastast ned og installerast i nettlesaren din). 

Vi tilrår ein av desse:

Unpaywall: Verktøy som leier deg til ein open versjon  av artikkelen du ønskjer å lese, dersom dette finst.

Google Scholar Button: Verktøy som gjer det enklare å bruke Google Scholar til å finne fulltekstartiklar.