Sitat og litteraturliste

APA-stilen er utvikla av American Psychological Association (APA). Denne stilen baserer seg på parentesar i teksten med informasjon om forfattar,  utgivingsår og sidetal. Kvar gong du viser til ei kjelde, skal dette kome til syne i teksten i form av ei kjeldetilvising. Til slutt i teksten skal alle tilvisingane førast opp i ei utfyllande referanseliste. Referanselista skal ordnast alfabetisk etter forfattarane sine etternamn, og ho skal innehalde alle nødvendige bibliografiske opplysningar.

APA-stilen er vanleg blant anna innan psykologi, økonomi, pedagogikk, helsefag og realfag.

APA har ein stor og fyldig manual med detaljerte reglar for korleis du skal sitere: 

American Psychological Association (2010). Publication Manual of the      American Psychological Association  (6. utg.). Washington, D.C.: APA.

Ein oversikt over korleis du siterer ulike typar kjelder finn du i APA eksempelsamling.

Du kan vise til kjelder på to måtar:

  • Direkte, ved å bruke ordrette sitat.
  • Indirekte, ved å gje att med eigne ord noko du har lese i ein fagtekst (parafrasering).

DIREKTE SITAT

Eit direkte sitat er ei ordrett attgjeving av ei kjelde. Det vil seie at det du siterer alltid skal vere heilt likt kjelda du siterer frå, både når det gjeld ord og teiknsetjing. Når du brukar direkte sitat, skal tilvisinga i teksten alltid innehalde etternamnet til forfattaren, utgivingsåret og sidetalet som sitatet er henta i frå.

Kort sitat (mindre enn 40 ord):

Eit kort sitat på mindre enn 40 ord skal skrivast i løpande tekst med sitatteikn (hermeteikn).

 Døme:

”Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer” (Frønes, 2006, s. 167).

eller:

”Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer”, seier Ivar Frønes (2006, s. 167).

Langt sitat (meir enn 40 ord):
Når du brukar direkte sitat på meir enn 40 ord, skal du ikkje bruke sitatteikn. I staden skal du starte sitatet på ei ny linje, det skal skrivast med innrykk, og gjerne også med ei blank linje før og etter sitatet. I følgje APA skal ein bruke dobbel linjeavstand, men i mange fagmiljø er det meir vanleg å bruke enkel linjeavstand. Sjekk med rettleiaren din korleis du skal gjere det. 

Døme:

Dette er tydelege kjenneteikn ved det moderne samfunnet:

Det moderne samfunnet omtales ofte som kunnskapssamfunnet eller kvalifikasjons-samfunnet.  Med dette menes ikke bare at det er utviklet et samfunn som krever kunnskap og kvalifikasjoner, men at institusjonene for kunnskapsforvaltning, vitenskap og kvalifisering har en sentral posisjon. Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere – og der stadig flere får utdanning – det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (Frønes, 2006, s. 148)

Alternativt kan du innleie sitatet med å nemne forfattar og år. Då fører du opp berre sidetalet i parantesen bak sitatet.

Frønes (2006) seier følgjande:

Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere – og der stadig flere får utdanning – det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (s. 148)

Når deler av eit sitat vert utelate:

Dersom du utelét delar av ei sitat, skal det markerast med tre punktum inne i ein parantes:

”Privatisering av livsførselen (…) førte til at lokalofffentligheten i økende grad ble ødelagt” (Frønes, 2006, s. 138).

INDIREKTE SITAT (PARAFRASERING)

  • Indirekte sitat eller parafrasering er å gjengi ein forfattar med eigne ord. Det vil seie at du i den løpande teksten viser til ei kjelde utan å sitere direkte.
  • Dersom du bruker indirekte sitat, bør du alltid føre opp sidetal slik at lesaren raskt kan finne fram i kjelda og kontrollere fakta.
  • Du viser til kjelda ved å skrive etternamnet til forfattaren og utgivingsåret med sidetal i parentes.  
  • Dersom du flettar forfattarnamnet inn i teksten, set du berre årstalet med sidetal i parentes. I staden for personleg forfattar kan det vere ein institusjon, nokre gonger berre ein tittel.
  • Av og til er det aktuelt å sitere eit verk som heilskap, td. gjengi hovudidéane i ei bok. I slike tilfelle tek du ikkje med sidetal i siteringa.

Døme på indirekte sitat: 

Dette viser at bøndene på Nordvestlandet hadde kontakt med det politiske og kulturelle livet i Nord- og Vest-Europa (Fet, 2003, s. 101).

Fet (2003, s. 101–103) skriv at ...

REFERANSELISTE

På slutten av dokumentet skal det vere ei referanseliste (litteraturliste). Føremålet med referanselista er å hjelpe lesaren med å finne dei same kjeldene som du har brukt. Med  nokre få unntak (e-postar, munnleg kommunikasjon), skal alle kjeldene førast opp.

  • Referanselista startar på ei ny side.
  • Bruk Litteraturliste eller Referanseliste som overskrift.
  • Lista skal ordnast alfabetisk etter forfattarane sine etternamn.
  • Ved fleire medforfattarar skal lista alfabetiserast etter første forfattar.
  • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk, skal dei ordnast kronologisk med eldste årstal først.
  • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk same år, brukar ein a, b, c, etter årstalet for å skilje arbeida.
  • Dersom personleg forfattar manglar, kan ein institusjon fungere som forfattar.
  • Der det ikkje er nokon forfattar i det heile, brukar ein tittel som ordningsord.
  • Lover skal setjast opp etter korttittel.
  • Ved referansar som vert skrivne over fleire linjer, skal alle linjene ha innrykk så nær som den første.
  • Hugs at det skal vere samsvar mellom tilvisingane og litteraturlista. All litteratur som er referert eller sitert i teksten skal vere med i litteraturlista. Det skal heller ikkje stå noko i litteraturlista som det ikkje er referert til i teksten.