APA bok, kapittel i bok

Eksempel knytte til bøker

Bok med éin forfattar

I TEKSTEN:

Dette viser at bøndene på Nordvestlandet hadde kontakt med det politiske og kulturelle livet i Nord- og Vest-Europa (Fet, 2003, s. 101).

Dersom forfattarnamnet står i teksten, tek vi det ikkje med i parentesen:

Fet (2003, s. 101–103) skriv at ...

I LITTERATURLISTA:

Fet, J. (2003). Skrivande bønder: Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo: Samlaget.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Bok med to til fem forfattarar

I TEKSTEN:

TO FORFATTARAR:

«Ung i Norge»-undersøkingane viser at meistring er det dominerande trekket blant norske ungdommar (Heggen & Øia, 2005, s. 113–120).

Heggen og Øia (2005, s. 113–120) har undersøkt ...

Siter begge namna kvar gong dei vert nemnde i teksten. Bruk «&» mellom namna inne i parentesen. I teksten brukar du «og».

TRE TIL FEM FORFATTARAR:

Dette  temaet er også  drøfta i norsk ungdomsforsking (Heggen, Jørgensen & Paulgaard, 2003, s. 45).

Neste gong det vert vist til ei bok med tre til fem forfattarar: 

(Heggen et al., 2003, s. 45).

«Et al.» betyr «og andre».

I LITTERATURLISTA:

TO FORFATTARAR:

Heggen, K. & Øia, T. (2005). Ungdom i endring: Mestring og marginalisering. Oslo:  Abstrakt forlag.

TRE TIL FEM FORFATTARAR:

Heggen, K., Jørgensen, G. & Paulgaard, G. (2003). De andre: Ungdom, risikosoner og
marginalisering
. Bergen: Fagbokforlaget.

Bruk «&» mellom namna.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author (trykk på enter/linjeskift mellom kvar forfattar for å skilje mellom dei), Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Bok med seks eller fleire forfattarar

I TEKSTEN:

SEKS ELLER SJU FORFATTARAR:

... (Evjenth et al., 2008, s. 154)

Du brukar første forfattarnamn etterfølgt av et al., både ved første tilvising og seinare.

ÅTTE ELLER FLEIRE FORFATTARAR:

Olsen et al. (2009, s. 30) ...

Du brukar første forfattarnamn etterfølgt av et al., både ved første tilvising og seinare.

«Et al.» betyr «og andre». 

I LITTERATURLISTA:

SEKS ELLER SJU FORFATTARAR:

Evjenth, D., Birkeland, E., Omvik, C., Nørjordet, H., Bønke, M. & Færvaag, T. E. (2008). Du trenger ikke mer enn 6: Mikronoveller på seks ord. [Trollåsen]: Ganesa forlag.

I litteraturlista oppgir du alle forfattarane.

ÅTTE ELLER  FLEIRE FORFATTARAR:

Olsen, P., Holm, A., Jensen, K., Holt, Ø., Volle, I., Pedersen, O., ... Nesset, P. O. (2009).
Referanseteknikk: Sitering med APA. Oslo: Cappelen akademisk.

Oppgi namn på dei første seks forfattarane samt ... siste forfattar.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author (trykk på enter/linjeskift mellom kvar forfattar for å skilje mellom dei), Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Bok med fleire utgåver

I TEKSTEN:

Det er viktig å sjå læreprosessen frå eleven sitt perspektiv (Imsen, 2005, s. 68–70).

I LITTERATURLISTA:

Imsen, G. (2005). Elevens verden: Innføring i pedagogisk psykolgi  (4. utg.). Oslo:
Universitetsforlaget.

Når ein viser til første utgåve av ei bok, oppgir ein berre årstal. For seinare utgåver skal også nummeret på utgåva vere med. Det er skilnad på opplag og utgåve. «3. utgåve» tyder at teksten er endra sidan 2. utgåve. «3. opplag»  tyder berre at same utgåve er trykt opp for tredje gong. Dette tek ein ikkje med i litteraturlista. 

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Edition, Place published og Publisher

NB! skriv berre talet, og ikkje «utg.» eller «ed.»

 

Bok med redaktør

I TEKSTEN:

I dette forskingsprosjektet har ein studert klasseromsaktiviteten i første til fjerde klasse (Haug, 2006, s. 58).

I LITTERATURLISTA:

Haug, P. (Red.). (2006). Begynnaropplæring og tilpassa undervisning: Kva skjer i
klasserommet?
 Bergen: Caspar forlag.

Her vert det vist til heile boka. Dersom referansen berre gjeld ein del av ei bok med redaktør, sjå eksempel under med «Kapittel i bok med redaktør».

I ENDNOTE:

Legg inn som «Edited book».
Fyll ut felta Editor, Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Kapittel i bok med redaktør

I TEKSTEN:

Slike førestellingar er ein del av det som vert kalla profesjonell identitet (Heggen, 2008, s. 328).

I teksten skal du vise til kapittelforfattaren.

I LITTERATURLISTA:

Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I A. Molander & L. I. Terum (Red.),
Profesjonsstudier (s. 321–332). Oslo: Universitetsforlaget.

Helland, S. (2012). Spesialpedagogisk arbeid i barnehagen. I E. Befring & R. Tangen (Red.), Spesialpedagogikk (5. utg., s. 594–611). Oslo: Cappelen Akademisk. 

Kapittelforfattar og kapitteltittel skal refererast først, deretter redaktør og boktittel (i kursiv). Tilvising til boka skjer med «I».

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book section».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Editor, Book title, Place published, Publisher, Pages, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve).

Bok med fleire forfattarar og ingen redaktør, der kapitla er skrivne av enkeltforfattarar

I TEKSTEN:

Heile boka:

... (Lillejord, Manger & Nordahl, 2013)

Del av boka:

... Som Lillejord skriv i sitt kapittel om samfunnet (Lillejord, Manger & Nordahl, 2013, kap. 2)

I LITTERATURLISTA:

Lillejord, S., Manger, T. & Nordahl, T. (2013). Livet i skolen 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet (2. utg.). Oslo: Fagbokforlaget.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».

Fyll ut felta Author (trykk på enter/linjeskift mellom kvar forfattar for å skilje mellom dei), Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Bok med institusjon eller organisasjon som forfattar

I TEKSTEN:

Jubileumsskriftet gir eit  bilete av høgskulen dei første ti åra (Høgskulen i Volda [HVO], 2005, s. 56).

Skriv namnet fullt ut i første tilvising. Dersom kjelda vert brukt seinare, skal ein gi opp forkortinga i hakeparantes. Bruk berre forkortinga i seinare tilvisingar (HVO, 2005, s. 68).

I LITTERATURLISTA:

Høgskulen i  Volda. (2005). HVO i ti år: Tilbakeblikk og utfordringar 1994/1995–2004/2005. Volda: HVO.

I litteraturlista skriv ein namnet fullt ut.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author (husk komma på slutten for å unngå invertering: Høgskulen i Volda, ), Year, Title, Place published og Publisher.

Bok utan forfattar

I TEKSTEN:

Av med lua (1993, s. 89-93) blir denne problemstillinga grundig behandla.

I LITTERATURLISTA:

Av med lua: Noen moralske betraktninger. (1993). Jongskollen: Thomsforlaget.

Ein set tittel på forfattarplassen dersom boka ikkje har namngitt forfattar.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Year, Title, Place published og Publisher.

Bok med undertittel

I TEKSTEN:

Likeverd er ein avgjerande kvalitet i alle menneskelege relasjonar (Juul, 2008, s. 167).

I LITTERATURLISTA:

Juul, J. (2008). Din kompetente familie: Nye veier i oppdragelsen. Oslo: Pedagogisk forum.

Undertittel vert skilt frå hovudtittel med kolon. Undertittel byrjar med stor forbokstav. 

Ein sjeldan gong kan ei bok ha to undertitlar. Den første undertittelen vert då skilt frå hovudtittelen med kolon, og så set ein semikolon mellom dei to undertitlane.

Døme: Broken ties: The family of Eugene Keefe; A memoir

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».

Fyll ut felta Author (trykk på enter/linjeskift mellom kvar forfattar for å skilje mellom dei), Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher

Bruk kolon og eit mellomrom for å skilje mellom tittel og undertittel.

 

Bok med usikker publikasjonsstad

I TEKSTEN:

Nordberg (2003, s. 156) er oppteken av nettopp denne problemstillinga.

I LITTERATURLISTA:

Nordberg, G. (2003). Matematikklæreren: Håndbok for matematikklærere på ungdomstrinnet. [Oslo]: Gaidaros.

Dersom publikasjonsstad ikkje står i boka men er mogeleg å finne ut av, set ein den i skarpe klammer. Skriv [u.s.] dersom det ikkje er mogeleg å finne ut av.

u.s.=ukjent stad

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Place published og Publisher.

Bok utan utgivingsår

I TEKSTEN:

Her vert det gitt ei kritisk framstilling av det klassiske skiljet mellom fellesskap og samfunn (Bond, u.å., s. 89).

I LITTERATURLISTA:

Bond, N. (u.å.). Sociology and ideology in Ferdinand Tönnies' Gemeinschaft und Gesellschaft. Freiburg: Albert-Ludwigs-Universität.

Årstal erstattar ein med u.å. (utan år) både i teksten og i litteraturlista.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Place published og Publisher.

Elektronisk bok (e-bok)

I TEKSTEN:

BOK MED FORFATTAR:

Representasjonsproblemet hos Kant kan også tolkast som eit språkfilosofisk problem (Dickerson, 2004, s. 56).

KAPITTEL I BOK MED REDAKTØR:

Det har vist seg at det er viktig å starte denne prosessen så tidleg som råd (Lord, 2007, s. 58).

I LITTERATURLISTA:

BOK MED FORFATTAR:

Dickerson, A. B. (2004). Kant on representation and objectivity. Cambridge: Cambridge University Press. Henta frå
https://ebookcentral.proquest.com/lib/hivolda-ebooks.

Dersom boka har DOI, brukar vi denne i staden for URL, og då er det ikkje nødvendig å ta med informasjon om stad og forlag:

Vareide, K. (2018). Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? https://doi.org/10.23865/noasp.32

KAPITTEL I BOK MED REDAKTØR:

Lord, C. (2007). Early assessment of autistic spectrum disorders. I J. M. Pérez, P. M. 
González & M. L. Comí (Red.), New developments in autism: The future is today (s. 58–
75). London: Jessica Kingsley Publishers. Henta frå https://ebookcentral.proquest.com/lib/hivolda-ebooks.

I ENDNOTE:

BOK MED FORFATTAR:

Legg inn som «Electronic Book».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Place published, Publisher og URL eller DOI.

KAPITTEL I BOK MED REDAKTØR:

Legg inn som «Electronic book section»
Fyll ut felta Author, Year, Title, Editor, Book title, pages ,Place published, Publisher og URL eller DOI.

 

Fleirbindsverk

I TEKSTEN:

Når det vert vist til heile verket, tek du med startår og sluttår for utgivinga (evt. berre eitt årstall dersom alle binda vart utgitt same år):

....viser ei stor utvikling (Olstad & Tønnesson, 1986–1987).

Viser du til eit enkelt bind av eit fleirbindsverk, blir referansen som til ei vanleg bok:

Tønnesson (1986, s. 110) påpeikar at ...

I LITTERATURLISTA:

Når du viser til heile verket, fører du opp talet på bind i parentes:

Olstad, F. & Tønnesson, S. (1986–1987). Norsk idretts historie (bd. 1-2). Oslo: Aschehoug.

Når du viser til eit enkelt bind, tek du med bindnummeret som ein del av tittelen:

Tønnesson, S. (1986). Norsk idretts historie: Bd. 2. Folkehelse, trim, stjerner. Oslo:
Aschehoug.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Book»
Fyll ut felta Author, Year, Title, Publisher og Place published.