Utgivingsstad skal ikkje førast opp i litteraturlista. Eksempel: Gamlem, S. T. M. (2015). Tilbakemelding for læring og utvikling. Gyldendal akademisk.
Ved tre eller fleire forfattarar, skal berre første forfattar et al. (med fleire) nemnast i teksttilvisinga. Det vil seie at 3–5 forfattarregelen går ut. Eksempel: (Sødal et al., 2020, s. 50–55)
Når det er inntil 20 forfattarar i referansen, skal alle førast opp i litteraturlista. Tidlegare skulle ein føre opp alle namna ved inntil 7 forfattarar. For kjelder med 8 eller fleire forfattarar, skulle ein føre opp dei seks første følgt av utelatingsteikn ... og siste forfattar.
Tidlegare førte ein opp Meldingar til Stortinget etter departement. I APA 7 skal dei førast opp etter serietittel.
Døme på sitering i teksten: ... (Meld. St. 20 (2009-2010), s. 49)
Døme på innførsel i kjeldelista: Meld. St. 20 (2009-2010). Omorganisering av ABM-utvikling. Kulturdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Meld-St-20-20092010/id608202/
«Henta frå» skal vanlegvis ikkje brukast før URL. Unntak:
Nettsider med krav om lesedato/hentedato. Gjeld sider som vert oppdaterte svært ofte, og der det verken finst dato for siste oppdatering eller arkiverte versjonar av sida. Eksempel: Henta 2. oktober 2020 frå https://xxxxx
Nettsider utan datering, der ein må skrive u.å. i staden for publiseringstidspunkt. Sjå APA 7 eksempelsamling, Nettside for meir informasjon.